Visdomstann er den tredje og bakerste jekselen i kvar kjevehalvdel. Ei visdomstann er tann nummer åtte frå midten av kjeven, heilt bakerst i munnhólet. Ein finn desse både oppe og nede på begge sider av kjeven. Mennesket kan altså til saman ha fire visdomstenner, og desse veks ut mellom 18 og 26 års alder.

Røntgenbilete av ein del av underkjeven og tannkronene til overkjeven. Tanna lengst til høgre i underkjeven er ei visdomstann, lengst inn i munnhólet. Ho har ikkje brote fram heilt, men rota hennar er ferdigutvikla.

Det hender òg at nokre menneske manglar ei eller fleire visdomstenner, eller at eit menneske har ekstra visdomstenner i tillegg til dei fire som er vanlege å ha.

Anatomi endre

Til tross for at ei visdomstann ikkje har dårlegare eigenskapar enn dei andre tennene, så vert ho oftare vond og plagsam, og må trekkast ut av tannlege eller spesialisttannlege i kjevekirurgi. Ei mogleg årsak er at det er vanskelegare å nå fram til ho med tannkost, så tanna vert angripen av karies. Det hender òg at tanna vert dekt heilt eller delvis av tannkjøtet i eit lag som vert kalla operculum. Laget gjer at tanna vert vanskeleg å halda rein samstundes som det å gjera reint risikerer å skada operculum.

Ein annan grunn til at ei visdomstann ofte vert vond og plagsam og må fjernast er at dei ofte ikkje veks fram riktig, til dømes at dei legg press på andre tenner. I desse tilfella kan det vera betre å fjerna den aktuelle visdomstanna.

Problem endre

 
Utdregen tann

Det hender at ei årsak til tannverk i samband med visdomstenner er ein bakterieinfeksjon i tannkjøtet, kalla pericoronit.

Når visdomstanna er trekt ut eller har vorte operert kan blødning oppstå under det etterfølgande døgnet. Illeluktande og illesmakande væske i munnhólet er ikkje uvanleg. For å redusera desse problema og infeksjonsrisikoen bør ein pasient skylja munnen etter instruksjon frå tannlege.

Eldre pasientar opplever ofte fleire problem med visdomstennene sine enn yngre pasientar.

Førekomst endre

Alle får ikkje fire visdomstenner. Urbefolkninga i Tasmania har i stort sett alle fire visdomstenner - medan urbefolkninga i Mesoamerika i prinsipp manglar alle visdomstenner.[1]

Referansar endre

  1. Rozkovcová, E.; Marková, M.; Dolejsí, J. (1999). «Studies on agenesis of third molars amongst populations of different origin». Sbornik Lekarsky 100 (2): 71–84. ISSN 0036-5327. PMID 11220165.