Visjera (russisk Вишера) er ei elv i Perm kraj i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre i nedslagsfeltet til Volga.

Visjera
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 31 200 km²
Lengd 415 km
Kjelde Nord-Uralfjella
Munning Kama
Kart
Visjera i Perm
61°38′57″N 59°19′35″E / 61.6492°N 59.3264°E / 61.6492; 59.3264
Wikimedia Commons: Vishera River, Perm

Elva har ei lengd på 415 km og eit nedslagsfelt på 31 200 km².

Elva spring ut frå vestsida av dei nordlege Uralfjella. Elva startar som ei rask fjellelv og renn gjennom ein trong dal med mange stryk. Det er fleire karstformasjonar i nedslagsfeltet.

Dei største sideelvane hennar er Jazva og Kolva.

Elva frys til i slutten av oktober eller tidleg i november, og vert isfri att mot slutten av april. Elva vert nytta som transport til byen Krasnovisjerska. I nedslagsfeltet til Visjera finst det førekomstar av diamantar.

Den øvre delen av elva renn gjennom Visjeskijreservatet.

Kjelder endre