Vitskap i 1900
Vitskapsåret 1900 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1900.
Vitskapsår |
1898 | 1899 | 1900 | 1901 |1902 |
Kategoriar |
Hendingar
endre- Ferdinand von Zeppelin bygde det første fungerande luftskipet. «LZ 1» flaug for første gong over Bodensee den 2. juli 1900.
- Max Planck tok dei første stega mot kvantemekanikken når han postulerte at elektromagnetisk stråling berre vert sendt ut i kvant, som er naudsynt for å forklare svarte lekamar på ein tilfredsstillende måte.
- Johannes Rydberg forfina formelen for spektrallinjene til hydrogen.
- Paul Villard oppdaga gammastråling då han studerte radioaktiviteten til uran.
- David Hilbert presenterte lista si over 23 uløyste problem.
- September - Galveston-orkanen 1900 var årsak til dei største naturøydeleggingane i USA-amerikansk historie, særleg i Galveston i delstaten Texas.
Prisvinnarar
endreFødde
endre- 9. mars - Howard Aiken, pioner innan datavitskap.
- 19. mars - Frédéric Joliot, fysikar.
- 25. april - Wolfgang Ernst Pauli, fysikar.
- 26. april - Charles Richter, geofysikar og oppfinnar.
- 25. august - Hans Adolf Krebs, lege og biokjemikar.
- 26. august - Hellmuth Walter, ingeniør og oppfinnar.
Døde
endre- 13. januar - Peter Waage, norsk kjemikar (fødd 1833).
- 22. januar - David E. Hughes, oppfinnar.
- 6. mars - Gottlieb Daimler, oppfinnar.
- 1. april - George Jackson Mivart, biolog.