Opna hovudmenyen
Viva Las Vegas
Singel av Elvis Presley
A-side «What'd I Say»
B-side «Viva Las Vegas»
Utgjeve 28. april 1964
Innspelt 10. juli 1963, Radio Recorders, Hollywood, California
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:24
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) Doc Pomus, Mort Shuman
Elvis Presley-kronologi
«Kissin' Cousins/It Hurts Me» (1964) Viva Las Vegas «Ain't That Loving You Baby» (1964)


«Viva Las Vegas» er ein song frå 1963 skriven av Doc Pomus og Mort Shuman.[1] Han vart spelt inn same året av Elvis Presley for filmen Viva Las Vegas, som i lag med songen vart gjeven ut året etter. Sjølv om Presley aldri framførte songen på konsertane sine, er songen blitt kjend og spelt inn av mange andre artistar. I USA selde singelen over ein halv million eksemplar, og Presley fekk gullplate for songen i 1992.

HistorieEndra

Songen vart utgjeven som B-side av «What'd I Say» frå filmen med same namn. «Viva Las Vegas» gjekk på eiga hand inn på singellista og nådde 29. plassen på Billboard Hot 100-lista.[2] Elvis-versjonen av «What'd I Say» nådde 21. plassen. «Viva Las Vegas» nådde 12. plassen på den britiske UK Singles Chart.

I åra etter han kom ut vart songen sterkt knytt til Presley. I 1990- og 2000-åra er songen blitt brukt i mange filmar og fjernsynsseriar, anten som ein referanse til byen Las Vegas, eller berre som eit uttrykk for glede.

I 2002 bad byen Las Vegas Elvis Presley Enterprises, selskapet som tar seg av arva etter Elvis og alle musikkrettane hans, om løyve til å gjere songen til den offisielle bysongen. Forhandlingane stoppa opp over prisen som EPE ønskte, trass i at EPE ikkje hadde kontrollert opphavsretten til sognen sidan 1993, då han kom i eige hos familiane til låtskrivarane Doc Pomus[3] og Mort Shuman. Sidan EPE ikkje lenger eig rettane til songen, kan dei i røynda heller ikkje bestemme over songen.

Andre versjonarEndra

Ein nederlandsk versjon vart skriven av John Spencer og Tom Peters og framført av John Spencer i 1985. Jarmo Koponen skreiv ein finsk tekst, «Humppaleka», som vart framført av Eläkeläiset i 1995.

KjelderEndra

  1. «Doc Pomus - Biography». AllMusic. Henta 27. juni 2007. 
  2. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 182, 416
  3. Halberstadt, Alex «Lonely Avenue The Unlikely Life & Times of DocPomus», 2007; DaCapo Press

BakgrunnsstoffEndra