Viviane Chidid

senegalesisk songar

Viviane (fødd Viviane Chidid, også Viviane N'Dour) er ein senegalesisk popsongar som tidlegare var bakgrunnssongar og svigerinne til Youssou N'Dour. Viviane er kjend som dronning eller reine av senegalesisk musikk.[1] Musikken hennar kombinerer tradisjonell senegalesisk mbalax-musikk med element frå amerikansk rap, R&B og country. Ho gav ut det fyrste albumet sitt i 1999 og danna gruppa Le Jolof Band i 2001. Dei fleste songane hennar er på volof eller engelsk, men nokre av dei er på fransk, som er det offisielle språket i Senegal. 31. mars 2012 skreiv Wonda Music-merket til produsenten Jerry 'Wonder' Duplessis kontrakt med henne. Viviane har arbeidd med Jerry Wonda, og albumet hennar kom ut i 2015.

Viviane Chidid

Fødd29. september 1973 (51 år)
FødestadM'Bour, Dakar
FødenamnViviane Chidid
AliasViviane, Viviane N'Dour
OpphavSenegal, Mali
SjangerMbalax
Instrumentvokal
Verka somsongar

Bakgrunn

endre

Chidid blei fødd i Mbour i Senegal den 29. september 1973. Far hennar er frå Libanon og mor hennar er frå Mauritania. Mormora hennar er frå Mali. Ho var kristen frå fødselen, men konverterte seinare til islam. Viviane blei omvend av Serigne Saliou Mbacke, sonen til Ahmadou Bamba, på byrjinga av 1990-talet. Nokre år seinare gifta ho seg med Bouba Ndour, bror til Youssou Ndour. Dei fekk to barn saman, Zeyna og Philippe.

Prisar og utmerkingar

endre
  • 2002 Kora-prisen - nominert
  • 2011 AFROTAINMENT MUSEKE AFRICA MUSIC AWARDS - Vinnar
  • 2012 Cameroon Entertainment Awards - Vinnar
  • 2012 Nigerian Entertainment Awards - Vinnar
  • 2012 Kora-prisen - Nominert
  • 2013 PORO AWARDS 2013 Abidjan World Music Festival- Vinnar
  • 2016 WatsUp TV Africa Music Video Awards - Vinnar (Beste afrikanske kvinnelege video)
  • 2014 African Muzik Magazine Awards (Beste kvinne Vest-Afrika) - (Nominert) [2]
  • 2012 Car Battery Awards (BEST) - Vann

Album

endre
  • Entre Nous/Between us/Ci sunu biir: 1999
  • Nature: 2000
  • Le Show: 2001
  • Tere Nelaw: 2002
  • Fii ak Fee: 2003
  • Viviane et Freres: 2004
  • Man Diarra: 2005
  • Bataclan Cafe: 2007
  • Wuyayooy: 2010
  • Retaan: 2014
  • Wuyuma: 2016
  • Benen Level: 2020

Kjelder

endre