Vjatsjeslav Ivanenko

Vjatsjeslav Ivanovitsj Ivanenko (fødd 3. mars 1961) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Kemerovo som i 1988 vart olympisk meister i 50 km kappgang som representant for Sovjetunionen.

Vjatsjeslav Ivanenko
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 3. mars 1961 (60 år)
Kemerovo
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Ivanenko tok sølvmedaljen på 50 km ved EM 1986 i Stuttgart, 59 sekundar bak Hartwig Gauder frå Aust-Tyskland. Året etter tok han bronsemedaljen på same distansen under verdsmeisterskapen i Roma, over tre minuttar bak verdsmeister Gauder og to-og-eit-halvt minutt bakom sølvvinnar Ronald Weigel. Under Sommar-OL 1988 i Seoul makta Ivanenko å vinne gullmedaljen på 50-kilometeren, med sitt livs bestetid på 3.38.29 viste han dei same to austtyskarane Weigel og Gauder til sølv- og bronseplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra