Vjatsjeslav Vedenin
Vjatsjeslav Petrovitsj Vedenin (1. oktober 1941–22. oktober 2021) var ein sovjet-russisk tidlegare langrennar som tevla internasjonalt frå 1966 til 1972. Han vart verdsmeister på 30 km under VM i Štrbské pleso i 1970 og vart olympiameister på same distansen to år seinare. Under dei nemnde meisterskapane gjekk han sisteetappen på begge Sovjets gullvinnande stafettlag (4x10 km). Vedenin vann dessutan sølvmedaljane på OL-femmila i 1968 og VM-femmila i 1970 og bronsemedaljen på femmila under OL i 1972.
Vjatsjeslav Vedenin | |
Verkeleg namn | Вячесла́в Петро́вич Веде́нин |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 1. oktober 1941 Sloboda i Dubenskij-distriktet i Tula oblast |
Død |
22. oktober 2021 (80 år) |
Idrett | langrenn |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Leninordenen, Arbeidets røde fanes orden, Idrettens mester i Sovjetunionen, Aleksander Nevskij-ordenen |
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre
- 1966: Nr 6 på femmila og nr 8 på 15 km under VM i Oslo.
- 1968: Sølvmedalje på femmila i OL i Grenoble, nr 6 på femmila i Lahti.
- 1969: Vinnar av femmila og nr 2 på 15 km i Lahti.
- 1970: Gullmedalje på tremila og sølvmedalje på femmila i VM i Strbske Pleso.
- 1971: Nr 2 på femmila i Lahti og nr 4 på tremila i Falun.
- 1972: Gullmedalje på tremila og bronsemedalje på femmila under OL i Sapporo. Nr 3 på tremila i Lycksele i Svenska skidspelen.
Verdsmeister på 4x10 km stafett i 1970, og olympisk meister i same i 1972.
Vedenin vart tildelt Leninordenen i 1972.