Vlad III Dracula

(Omdirigert frå Vlad Ţepeş)
«Vlad Ţepeş» omdirigerer hit. For landsbyen med same namn i Giurgiu fylke, sjå Comana i Giurgiu.

Vlad Ţepeş (1431 - 1476) også kjend som Vlad den III Ţepeş var ein hospodar/gospodar (fyrste) av Vallakia,som no er ein del av Romania. Tilnamnet Ţepeş tyder spiddaren på rumensk. Han var fødd i Transsilvania, som den gongen var ein del av det ungarske kongeriket. Han var fyrste i fleire omgangar på 1400 talet, og fekk tilnamnet sitt av di han hadde for vane å spidde folk på lange trepåler i endetarmen, slik at dei døydde langsamt og smertefullt. Han er den historiske figuren bak draculalegenden, endå namnet Dracula (tyder djevelen eller draken) var tilnamnet til faren hans. Vlad tepes var ikkje vampyr, men då Bram Stoker skreiv boka si um Dracula, då blanda han saman Vlad tepes med vampyrlegendene på Balkan, og slik var den Dracula, som vi kjenner, skapt.

Vlad III Dracula

Statsborgarskap Valakia
Fødd ca. 1431
Sighișoara
Død

14. desember 1476 (45 år)
București

Yrke herskar
Språk kyrkjeslavisk, rumensk
Religion ortodoks
Far Vlad II Dracul
Mor Vasilissa
Ektefelle Ilona Szilágyi
Vlad III Dracula på Commons
Portrett av Vlad den III i Ambras Castle i Innsbruck