Vladimir Majakovskij

Vladimir Vladimirovitsj Majakovskij (19. juli 189314. april 1930) var ein russisk poet, mellom dei fremste aktørane i den tidlege russiske futurismen.

Vladimir Majakovskij

Verkeleg namn Влади́мир Влади́мирович Маяко́вский)
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 19. juli 1893
Baghdati
Død

14. april 1930 (36 år)
Moskva

Yrke plakatkunstner, lyrikar, skodespelar, skodespelforfattar, skribent, kunstmålar, journalist, teaterskodespelar, filmskodespelar, regissør, sceneinstruktør, grafikar, filmregissør, biletkunstnar, manusforfattar
Språk russisk
Politisk parti Det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet
Sjanger vers, forteljande lyrikk, agitprop, skodespel
Medlem av LEF
Born Patricia Thompson
Signatur
Vladimir Majakovskij på Commons

Liv og gjerning endre

Majakovskij var fødd i Baghdati i Georgia. Faren, som var etnisk kosakk, var skogsarbeidar, mora var ukrainar. Sjølv om Majakovskij snakka georgisk på skulen og med venene, snakka dei primært russisk i heimen. 14 år gammal deltok Majakovskij i ein sosialistisk demonstrasjon i byen Kutaisi, der han gjekk på skule. Etter faren døydde brått i 1906, flytta Majakovskij-familien til Moskva.

I Moskva utvikla Majakovskij sterk interesse for marxistisk litteratur og tok del i ei rekke aktivitetar i Det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet, to år seinare fylgde han bolsjevikane då partiet vart splitta. Då mora ikkje lenger makta betale skulepengar, måtte han slutte på skulen. Majakovskij hamna kring den tid, 1908-09, i fengsel for omfattande politisk aktivitet. Ettersom han var mindreårig, slapp han deportasjon.

Litterært virke endre

I 1911 byrja Majakovskij på kunstskule i Moskva og danna saman med målaren David Burljuk og lyrikaren Velimir Khlebnikov ei futuristinspirert kunstnargruppe. Futuristpublikasjonen Ein øyrefik mot den offentlege smaken (Пощёчина общественному вкусу) trykte i 1912 Majakovskijs første offentleggjorde dikt: Natt (Ночь) og Morgon (Утро). Her avviste han all tidlegare russisk litteratur og gjekk inn for eit nytt diktarspråk.

Grunna sin politiske aktivitet vart Majakovskij i 1914 utestengd frå kunstskulen i Moskva. Han frigjorde seg snart frå subjektivismen i futurismen. Tekstene han vart stendig meir forteljande, det er desse arbeida publisert under perioden straks føre oktoberrevolusjonen, som etablerte hans ry som poet i Russland og utanlands. Måten han «avpoetiserte» språket resulterte i ein original, dynamisk stil, full av overraskande metaforar, ofte utvikla til fantastiske, groteske bilete og dristige rim og rytmar som bryt med tradisjonelle reglar for rim og metra. Hans første dikting er sjølvsentrert, til dømes tragedien Vladimir Majakovskij (1914), poemet Skya i bukser (1915) og i verk inspirert av ulukkeleg kjærleik, som Ryggradsfløyta (1915) og Lilitsjka (1916). Skya i bukser var Majakovskijs første dikt av større lengd. Det skildrar, sett frå synsvinkelen til ein avvist elskar, dei kjenslege emna kjærleik, revolusjon, religion og kunst. Språket i diktet var gatespråket, Majakovskij gjekk langt i eit forsøk på å dekonstruere den idealistiske og romantiserande oppfatninga om poesi og poetar.

Sommaren 1915 vart Majakovskij kjend med Elsa Kagan. Ho var særs interessert i den nye futuristiske poesien og inviterte han heim for å lese diktet Skya i bukser. Majakovskij møtte då systera hennar, Lilja Brik, og vart djupt forelska i henne. Det er til henne diktet Ryggradsfløyta (1916) er dedisert. Lilja og mannen hennar, Osip Brik, som var Majakovskijs forleggar, levde saman med Majakovskij i eit ukonvensjonelt samliv nokre år. Ekteparet Brik skilde seg ikkje, men heldt fram å leve i lag, også etter Liljas kjærleiksforhold med Majakovskij tok slutt.

Majakovskij vart i byrjinga av første verdskrigen nekta krigsteneste og arbeidde frå 1915 til 1917 ved Petrograds militære bilskule som konstruktør. Han var i Smolnij i Petrograd då han vart vitne til oktoberrevolusjonen. Frå første stund gjekk han inn for revolusjonen.

 
Plakat laga av Majakovskij for Agitprop

Etter han flytta tilbake til Moskva arbeidde Majakovskij med både grafikk og tekst, satiriske Agitprop-affischer. År 1919 publiserte han den første poesisamlinga si (Все сочиненное Владимиром Маяковским). Frå 1919 til -22 var han medarbeidar i telegrambyrået ROSTA, der han med satiriske dikt og teikningar kommenterte dei aktuelle hendingane. Han heldt fram sine satirar i ei rekke dikt retta mot Vestens kapitalisme, mot NEP-tidas nye småborgarskap og sovjetisk byråkrati, til dømes Møtesitjarane (1922); slik også i skodespela Veggelusa (oppført 1929) og Badstova (oppført 1930). Revolusjonær patos dominerer skodespelet Misterija-buff (1918) og poema Vladimir Iljitsj Lenin (1924, norsk 1973), Godt! (1927) og det ufullførte Av full hals (1930, norsk 1970).

I det kulturelle klimaet hos den unge Sovjetunionen voks populariteten hans snøgt. Frå 1922 til 1928 var Majakovskij ein framståande medlem av «Kunstens venstrefront» og definerte verka sine som «kommunistisk futurisme» (комфут). Både gruppa og Majakovskij vart angripne av ortodokse kommunistiske kritikarar for «formalisme», som fann verka deira uforståelege for proletariatet.

Som ein av få forfattarar kunne han reise fritt. Reisene hans til Latvia, Storbritannia, Tyskland, USA, Mexico og Cuba påverka verk som Mi oppdaging av Amerika (Мое открытие Америки, 1925). Også i Sovjetunionen reiste han vide. På ei forelesingsreise i USA trefte Majakovskij Elli Jones, som seinare fødde ei dotter hans. Dette fekk Majakovskij greie på først i 1929 då paret, ettersom relasjonen var hemmeleg, møttest i Sør-Frankrike.

Mot slutten av 1920-talet vart Majakovskij meir desillusjonert av bolsjevisme og propaganda, hans satiriske skodespel Vegglusa (клоп, 1929), som tok opp sovjetisk småborgarskap og byråkrati, viser denne utviklinga. Sjukdom og såvel politiske som private vonbrot prega dei siste månadene av livet hans.

Kvelden 14. april 1930 skaut Majakovskij seg sjølv. Han vart gravlagd på Novodevitsjijgravstaden i Moskva. Til hans ære vart namnet på fødestaden hans endra i 1930 frå Bagdahti til Majakovskij.

Majakovskijs påverknad kan ikkje avgrensast til sovjetisk poesi. Sjølv om han lenge vart sett som den sovjetiske poeten par excellence, så forandra han også oppfatninga om poesi i den større 1900-talskulturen.

Kjelder endre