Vladimir V. Petrov

Vladimir Vladimirovisj Petrov (30. juni 194728. februar 2017) var ein russisk ishockeyspelar frå Krasnogorsk. I tida 1969-81 vann han ni VM-gull og to OL-gull med Sovjetunionen sitt landslag i ishockey.

Vladimir V. Petrov


Vladimir Petrov i 2013

Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 30. juni 1947
Krasnogorsk
Død

28. februar 2017 (69 år)
Moskva

Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980, Vinter-OL 1972

Utmerkingar

4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Ærestegnets orden, «Arbeidets helt«-medaljen, Venskapsordenen, 3. klasse av Fedrelandets fortjenstorden, 3. klasse av Ordenen for tjenester til fedrelandet i de væpnede styrker, Medalje ved Moskvas 850-årsjubileum, Medaljen for veteraner i Sovjetunionens væpnede styrker, Medal "For Impeccable Service", 3rd class, Medal "For Impeccable Service", 2nd class

Petrov var senterløpar i Sovjetunionen si berømte fyrsterekke saman med Boris Mikhajlov på høgrevengen og Valerij Kharlamov på venstrevengen. Petrov vart verdsmeister fyrste gongen i 1969 og siste gongen i 1981. I 1972 så vel som i 1976 vart han olympisk meister.

Petrov spelte på Krylja Sovetov i Moskva frå 1965 til -67. Perioden 1967-81 var han aktiv i CSKA Moskva, det sovjetiske topplaget som desse 14 sesongane henta heim ni sovjetmeisterskap. Han avslutta med spel for SKA Leningrad frå 1981 til -83. Over 18 sesongar spelte han til saman 595 klubbkampar, i desse kampane skåra han 370 mål og sanka 713 målpoeng.

Kjelder endre