Vlasina
Vlasina (serbisk Власина) er ei elv søraust i Serbia med ei lengd på 68 km. Ho er ei sideelv til Južna Morava frå venstre, og har gjeve namn til regionen ho renn gjennom.
Vlasina (Власина) | |||
elv | |||
Vlasina i Pukli kamen
| |||
Land | Serbia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 050 km² | ||
Lengd | 68 km | ||
Kjelde | Vlasinasjøen, søraust i Serbia | ||
- høgd | 1 213 moh. | ||
Munning | Južna Morava, aust for Leskovac | ||
Vlasina 42°44′52″N 22°19′51″E / 42.747798°N 22.330754°E | |||
Wikimedia Commons: Vlasina | |||
Vlasina spring ut frå Vlasinasjøen i ei høgd på 1213 meter over havet. Innsjøen var tidlegare ei torvmyr,m en då Vlasina vart demd opp i perioden 1947 til 1951 vart myra gjort om til ein kunstig innsjø. Vlasina munnar ut i Južna Morava aust for Leskovac.
Vlasina drenerer eit område på 1050 km² og har eit nedslagsfelt som høyrer til Svartehavet.
Etter ein perioden med kraftig regn den 26. juni 1988 oppstod det ein katastrofal flaum i Vlasina. Eit område på over 1000 km² vart råka og det vart gjort skadar for om lag 1 milliard dollar.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Vlasina River» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
- Gavrilovic, Zoran; Matovic, Zivorad (January 1991). «Review of disastrous torrent flood on the vlasina river on June 26, 1988». Lecture Notes in Earth Sciences, Berlin Springer Verlag 37: 235–250. doi:10.1007/BFb0011177. Henta 17. mars 2009.