Vodka (av russisk for ‘lite vatn’)[1] er eit ukrydra brennevin som er framstilt av korn eller potet og filtrert over trekol. Alkoholstyrken er vanlegvis 37,5–50 volumprosent. Fargen er vassklår eller gulaktig, og smaken er mild og nøytral.[2]

Vodka kjem i mange variantar. Bilete viser utvalet inne på eit supermarket i Sankt Petersburg, Russland.
To shotglas med vodka og sitronskiver.

Vodka er opphavleg ein austeuropeisk drikk,[3] men blir no framstilt i dei fleste europeiske land og i USA. I Aust-Europa er det ikkje uvanleg at ein serverer vodka til maten. Brennevinet blir også brukt i mange cocktailar. Aromatiserte vodkatypar, som er smaksette med ulike typar krydder eller frukt, er også blitt vanlege.[2]

Russisk plakat som åtvarer mot å bruka sigarettar og vodka som «hjelp» mot sjukdom.

Kjende vodkamerke endre

Kjelder endre