Volda Skisenter er eit skisenter som ligg på Reset i Volda på om lag 350 m.o.h. i Sunnmørsalpane. Toppen av heisen ligg 657 m.o.h. Dette er eit fleirbruksanlegg med tilbod til heile familien. Anlegget har varmestove, flaumopplyst skibakke, preparert lysløype, turløyper og eige barnetrekk. Volda Skisenter A/S vart skipa i 1967.

Anlegget endre

Anlegget har eit stort trekk, eit familietrekk og eit barnetrekk. Hovudtraseane og har flaumlys. Frå sesongen 2010-2011 er det installert nytt elektronisk billetteringssystem som og kan nyttast til alpepass. Dette dekker alle trekka, med unntak av barnetrekket som er gratis. Elles er det ei 3,6 km lang lysløype og fleire preparerte turløyper i tilknyting til anlegget.

Det er godt lagt til rette for parkering ved anlegget og ein ny tilkomstveg frå hovudvegen ved Helgatun og opp til skisenteret vart ferdigstillt til sesongen 2004/2005.

Toppturar endre

Dei umiddelbare toppane ein kan nå frå Volda Skisenter er Grauthornet og Melshornet. Dette er populære skiturar som stort sett er fonntrygge. Løype heilt til topps til Melshornet vert trakka når forholda tillet det. Frå Helgatun kan ein nå det populære Koppefjellet med moglegheiter for fantastisk nedkøyring til Aldalen. Vær obs på skavl i toppområdet. Dei mindre kjende men likevel artige fjella Hestehornet og Skarphornet når du også herifrå.

Bakgrunnsstoff endre