Vorë
Frå sentrum av Vore
Frå sentrum av Vore
Byvåpenet til Vorë
Byvåpenet til Vorë
Styresmakter
Land
Region
Albania
Tirana
Geografi
Flatevidd
 - By

83 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

25 511
Koordinatar 41°24′0″N 19°39′0″EKoordinatar: 41°24′0″N 19°39′0″E
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Vorë kommune innafor regionen Tirana
Vorë kommune innafor regionen Tirana

Vorë er ein by og ein kommune i regionen Tirana i Albania. Kommunen ligg sentralt i landet nordvest for hovudstaden Tirana og grensar til regionen Durrës i nord.

Kart over kommunen Vorë

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Vorë vart slått saman med landkommunane Prezë og Bërxullë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Vorë.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 10 901 innbyggjarar, medan dei tre kommunane som i dag utgjer storkommunen Vorë, til saman hadde 25 511 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndelingEndra

Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Tirana.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Vorë og busetnadene:[2]

  • Vorë
  • Marqinet
  • Shargë
  • Gërdec
  • Gjokaj
  • Kuc
  • Marikaj
  • Picar

ReferansarEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.