Vysjnij Volotsjok
Vysjnij Volotsjok (russisk Вы́шний Волочёк) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen ligg rundt 120 km nordvest for Tver.
Vysjnij Volotsjok | |||
Вышний Волочёк | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Føderasjonssubjekt | Tver oblast | ||
Areal | 54 km² | ||
Folketal | 45 830 (2021) | ||
Først nemnd i | 1437 | ||
• Bystatus | 1770 | ||
Postnummer | 171150–171168 | ||
Retningsnummer | (+7) 48233 | ||
![]() Vysjnij Volotsjok 57°35′29″N 34°33′52″E / 57.59125°N 34.56453°E | |||
Wikimedia Commons: Vyshny Volochyok |
Historie
endreBusetnaden har vore kjend sidan 1437. Vysjnij Volotsjok ligg i Valdajhøgdene, mellom elvane Tvertsa og Tsna, på vasskiljet mellom Volga og Austersjøen. Frå dette kjem namnet på byen, som tyder «Den øvre staden der båtar vert dradd mellom elvar». I 1703–1722 fekk Peter den store bygd ein kanal som knytte desse to elvane saman, Mariinskkanal-systemet). Seinare vart Vysjnij Volotsjok eit viktig senter for tekstilproduksjon.
Næringsliv
endreByen har i dag eit mangfaldig næringsliv, som omfattar tekstilindustri, trevarer, papirindustri og næringsmiddelindustri, i tillegg til enkelte utdanningsinstitusjonar.
Både hovudvegen og jernbanen mellom Moskva og Sankt Petersburg går gjennom byen.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2025) |
Bakgrunnsstoff
endre