Wadi Fukin (arabisk وادي فوقين) er ein palestinsk landsby på Vestbreidda, åtte kilometer sørvest for Betlehem i Betlehem guvernement. Landsbyen ligg mellom Den grøne linja og Israel si sperring på Vestbreidda.[3] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Wadi Fukin eit folketal på over 1 168 i 2007.[4]

Wadi Fukin
وادي فوكين, Wadi Fukin, Wadi Foukin
kommune
Namneopphav: Tornedalen[1]or «Valley of Fukin"[2]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Betlehem guvernement
Koordinatar 31°42′24″N 35°06′14″E / 31.70667°N 35.10389°E / 31.70667; 35.10389
Areal 4,3 km²
Folketal 1 168  (2007)
Folketettleik 272 / km²
Kart
Wadi Fukin
31°42′24″N 35°06′14″E / 31.706666666667°N 35.103888888889°E / 31.706666666667; 35.103888888889
Wikimedia Commons: Wadi Fukin

Historie endre

Ein har gjort funn frå antikken i området, som ruinaen av eit kapell, cisterner, gravholer i berget, kolumbarium og bysantinsk keramikk.[5]

Osmansk tid endre

I 1596 stod Wadi Fukin oppført i osmanske skattelsiter som Fuqin, og ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Folkesetnaden var på 20 hushaldningar, berre muslimar, som betalte skatt for kveite, bygg, oliven, druesirup/melasse, geiter og/eller bikubar.[6]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsby i 1863, som han skildra som «delvis i ruinar», med berre få innbyggjarar. Han fann fleire eldgamle gravholder hogde ut i berget.[7]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine som Wad Fukin og «ein liten steinlandsby i ei åsside, med ei god kjelde i dalen nedanfor i sørvest. Det ligg hagar med appelsinar og sitronar nær kjelda. Vest for landsbyen er det hogde ut gravholer. I aust ligg ei anna kjelde, Ain el Keniseh.»[8]

Det britiske mandatet period endre

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Wadi Fukin eit folketal på 149, alle muslimar.[9] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Wadi Fukin 205, framleis alle muslimar, i 45 busette hus.[10]

I 1945 hadde Wady Fukin 280 innbyggjarar, alle arabarar, som eigde 8 631 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.[11] Av dette var 226 dekar var plantasjar og irrigert land, 863 for korn,[12] medan 6 dekar vart utbygd (urbant) land.[13]

Etter 1948 endre

Før den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Wadi Fukin raida av Haganah fleire gonger, og mange innbyggjarar flykta til Dheisheh-leiren like sør for Betlehem. Dei kom heim att under jordansk okkupasjon av Vestbreidda og flykta igjen då Jordan tapte Vestbreidda til Israel under seksdagarskrigen i 1967. I 1972 fekk innbyggjarane løyve til å vende heim att til Wadi Fukin mot at dei bygde husa sine i løpet av ein månad.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Stories from Palestina Wadi Fukin Khano, Delia. This Week in Palestina. 2007-07-09
  2. Palmer, 1881, s.333
  3. Settlement expansion and loss of Wadi Fukin’s land Arkivert 2008-02-07 ved Wayback Machine. Applied Research Institute - Jerusalem. 2005-05-23
  4. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.117.
  5. Dauphin, 1998, s. 915
  6. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 116
  7. Guérin, 1869, s. 321
  8. Conder og Kitchener, 1883, s. 27
  9. Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Betlehem
  10. Mills, 1932, s. 35
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 58
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 104
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 154

Bakgrunnsstoff endre