Wadi Hanifa (arabisk وادي حنيفة) er ein wadi eller dal i Nejd-området i Riyadh-provinsen, sentralt i Saudi-Arabia. Dalen strekkjer seg 120 km frå nordvest til søraust, og skjer gjennom byen Riyadh, hovudstaden i Saudi-Arabia. Ei rekkje byar og landsbyar ligg i dalen, som Uyaynah, Irqah og Diriyah. Den historiske byen Riyadh ligg på nordaustsida av wadien, men byen har spreidd seg på tvers av heile dalen.

Wadi Hanifa
وادي حنيفة
wadi
Al Elb-dammen i Diriya Riyadh er ein del av Wadi Haneefa-prosjektet.
Land  Saudi-Arabia
Provins Riyadh-provinsen
Kart
Wadi Hanifa
24°35′21″N 46°42′22″E / 24.589165°N 46.706053°E / 24.589165; 46.706053
Wikimedia Commons: Wadi Hanifa
Wadi Hanifa i Riyadh frå King Fahd-vegen.

I førislamsk Arabia, vart wadien kalla al-Irdh (arabisk العرض). Det noverande namnet kjem frå Banu Hanifa, den viktigaste arabiske stamma i området under den islamske erobringa av Arabia.

I førhistorisk tid regna det mykje i regionen. Dette er synt i lokale folkesegner som hevdar at området under det eldgamle kongedømet al-Yamamah, var dekt av oasar og frodig jordbruksland. Gud vart sint og sendte ein sverm av grashopper og tørke i landet, som det aldri kom seg frå. Moderne klimastudiar syner at den lokale katastrofen kom som følgje av globale klimaendringar. Pågåande og framtidige endringar kan føre til høgare nedbørnivå i regionen.

Temperaturane om sommaren er i snitt kring 43 ºC og den normale årsnedbøren er berre 60 mm på dei tørraste stadane. Regnet kjem i korte, intense periodar, og fører til bråflaumar. Det varme, tørre klimaet fører til at det meste av regnet som fell fordampar så snart det treff bakken. Det litle som vert att hamnar i grunnvatnet. Grunnvatnet under jorda er rikt, men er blitt kraftig tappa dei siste femti åra i takt med veksten til Riyadh.

Dalen har tradisjonelt vore tørr utanom flaumperiodane, mend et første store kloakkhandsamingsanlegget til Riyadh, som vart bygd i 1982, kanaliserer 400 000-650 000 kubikkmeter med avrenning nedover dalen kvar dag, noko som har skapt små innsjøar sør for Riyadh. Det har oppstått ein ny, grøn korridor, som strekkjer seg nesten 100 km nedover dalen. Den saudiarabiske regjeringa og Ar-Riyad utviklingsinstans utpeikte arkitektane Buro Happold og Moriyama & Teshima [1] om å kome opp med ein plan for å bevare våtmarksområda i Wadi Hanifa, sidan dei vart populære fritidsområde for aktivitetar som fiske og piknik-turar, og ein stoppestad for trekkfugl. Regjeringa har investert over 100 millionar dollar i eit rehabiliteringsprosjekt. Dette omfattar dammar for å regulere vasstraumen, ny avgrensa arealbruk, der ein har forbode kommersiell aktivitet som steinbryting og planting av siv for å ytterlegare reinse det handsama og uhandsama kloakkvatnet. Det fullførte prosjektet vann Aga Khan-prisen for arkitektur i 2010.[2]

Auken av overflatevatn har ført til omfattande dyrking av daddelpalmer langs breidda av wadien. Det handsama vatnet vert gjeven gratis av staten til bøndene. I tillegg nyttar starten mykje av vatnet til å drive eit av dei største oljeraffineria i landet. Byen Riyadh pumpar òg ein del attende til byen for å vatne dei offentlege hagane og parkane.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Wadi Hanifah». Buro Happold. 25. mai 2011. Arkivert frå originalen 9. mai 2011. Henta 23. desember 2015. 
  2. Jenna M. McKnight: Revealed: Winners of 2010 Aga Khan Award for Architecture, in the Architectural Record, 24. november 2010, retrieved 1. desember 2010