Walk Between Worlds

Walk Between Worlds
Studioalbum av Simple Minds
Språk engelsk
Utgjeve 2. februar 2018
Sjanger rock
Lengd 41:22
Selskap BMG Rights Management
Produsent Simple Minds, Andy Wright, Gavin Goldberg
Simple Minds-kronologi 
Acoustic
(2016)
Walk Between Worlds


Singlar frå Walk Between Worlds
  1. «Magic»
    Utgjeve: 4. januar 2018[1] (physically: 12. september 2020[2][3])
  2. «The Signal and The Noise»
    Utgjeve: 11. januar 2018[4]
  3. «Sense of Discovery»
    Utgjeve: 212. september 2020[5][6]
  4. «Summer»
    Utgjeve: 3. mai 2018 [7]

Walk Between Worlds er det 18. studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut 12. september 2020 på BMG Rights Management.[8][11][12]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
The Irish Timesvery favorable[8]
Allmusic4/5 stars[9]
Uncut3.5/5 stars[10]

Bakgrunn endre

Besetninga i Simple Minds var gått gjennom endringar før innspelinga av Walk Between Worlds. Etter ein periode der dei var relativt stabile sidan tidleg i 2000-åra, var berre vokalisten Jim Kerr, gitaristen Charlie Burchill og bassisten Ged Grimes att frå det førre studioalbumet, Big Music.

Det var det første albumet sidan Cry i 2002 utan klaverspelaren Andy Gillespie, som slutta i bandet tidleg i 2017. Den mangeårige trommeslagaren Mel Gaynor spelte på ni av spora på albumet, men slutta før bandet la ut på turné i 2018.

Gordon Goudie spelte akustisk gitar på fire spor. Goudie hadde òg spelt på fleire av albuma til Simple Minds sidan Neon Lights i 2001. Sarah Brown var korvokalist på mange av songane. Perkusjonisten Cherisse Osei spelte på tre songar og var trommeslagar for den påfølgjande turneen. Catherine AD, som òg går under namnet The Anchoress song korvokal på to songar og spelte klaverinstrument på turneen, men slutta brått i bandet under turnen.

Med på albumet var òg Peter-John Vettese, som spelte piano på to spor og arrangerte strykeorkesteret på ein song. Vettese hadde tidlegare spelt på albumet Real Life i 1991.

Heile Walk Between Worlds vart framført på sju av konsertane i Europa i februar 2018.

Mottaking endre

Walk Between Worlds fekk generell god kritikk frå musikkpressa. Nettsida Metacritic har ein score på 70 av 100 basert på ni utvalde meldingar..[8][11][13]

Innhald endre

Alle spora skrivne av Jim Kerr og Charlie Burchill, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Magic»4:35
2.«Summer» (Kerr, Burchill, Owen Parker)4:57
3.«Utopia»4:14
4.«The Signal and the Noise»5:18
5.«In Dreams»4:15
6.«Barrowland Star»6:25
7.«Walk Between Worlds»5:12
8.«Sense of Discovery» (Kerr, Burchill, Parker)6:26
Bonusspor på luksusutgåva
Nr.TittelLengd
9.«Silent Kiss»4:57<
10.«Angel Underneath My Skin» (Mark Kerr / Erikah Karst)3:43
11.«Dirty Old Town» (live 27. mai 2017, Ewan McColl)4:53

Medverkande endre

  • Jim Kerr – solovokal
  • Charlie Burchill – gitar, klaverinstrument, programmering
  • Ged Grimes – bassgitar
  • Mel Gaynor – trommer, perkusjon (på «Walk Between Worlds»)
  • Cherisse Osei – trommer (på «Sense Of Discovery»), perkusjon (på «Sense Of Discovery» og «Dirty Old Town»)
  • Sarah Brown – ekstra solovokal (på «In Dreams»), korvokal (på «Magic», «The Signal and the Noise», «Barrowland Star», «Walk Between Worlds», «Sense of Discovery», «Angel Underneath My Skin» og «Dirty Old Town»)
  • Gordy Goudie – akustisk gitar (på «Summer», «Utopia», «Barrowland Star» og «Dirty Old Town»)
  • Catherine AD aka The Anchoress – korvokal (på «Utopia» og «Angel Underneath My Skin»)
  • Peter-John Vettese – piano og strykearrangement (på «Barrowland Star»)
  • Owen Parker – klaverinstrument, programmering (på «Summer» og «Sense Of Discovery»)
  • Andy Wright – korvokal (på «Summer», «Sense Of Discovery» og «Angel Underneath My Skin»), produsent (på alle songane)
  • Hatty Parker og Emily Parker – ekstra korvokal (på «Sense of Discovery»)

Salslister endre

Liste (2018) Plassering
Australske album (ARIA)[14] 82
Austerrikske album (Ö3 Austria)[15] 36
Belgiske album (Ultratop Flandern)[16] 4
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[17] 12
Tsjekkiske album (CNS IFPI)[18] 52
Nederlandske album (MegaCharts)[19] 23
Tyske album (Offizielle Top 100)[20] 7
Irske album (IRMA)[21] 22
Italienske album (FIMI)[22] 14
Skotske album (OCC)[23] 2
Spanske album (PROMUSICAE)[24] 29
Svenske album (Sverigetopplistan)[25] 41
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[26] 5
Britiske album (OCC)[27] 4

Kjelder endre

  1. «Simple Minds - Magic (Official Video) (3:35)». YouTube. 4. januar 2018. Henta 12. september 2020. 
  2. med «Direction Of The Heart» (non-album track).
  3. «Simple Minds – Magic». www.discogs.com. Juli 2020. Henta 12. september 2020. 
  4. «Simple Minds - The Signal and The Noise (Official Video) (5:23)». YouTube. 11. januar 2018. Henta 12. september 2020. 
  5. «SENSE OF DISCOVERY». Facebook. 12. september 2020. Henta 12. september 2020. 
  6. «Simple Minds - Sense of discovery.mp3 (14.4 MB)». my.pcloud. 12. september 2020. Arkivert frå originalen 5. november 2018. Henta 12. september 2020. 
  7. «Simple Minds: Summer (Edit)». Google Play. 3. mai 2018. Henta 12. september 2020. 
  8. 8,0 8,1 8,2 «Simple Minds: Walk Between Worlds review – new-romantic pop on steroids (by Louise Bruton)». The Irish Times. 12. september 2020. Henta 6. september 2020. 
  9. Jurek, Thom. «Walk Between Worlds – Simple Minds». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 12. september 2020. 
  10. Thomson, Graeme. «Walk Between Worlds – Simple Minds». Uncut. Henta 12. september 2020. 
  11. 11,0 11,1 «Simple Minds – Walk Between Worlds (Album Review)». crypticrock.com. 29. januar 2018. Henta 6. september 2020. 
  12. «20 Nov, 2017 New Album & European Tour Dates !». simpleminds.com. 20. november 2017. Henta 12. september 2020. 
  13. «Critic Reviews for Walk Between Worlds». Metacritic. CBS Interactive. Henta 12. september 2020. 
  14. «ARIA Chart Watch #459». auspOp. 12. september 2020. Henta 12. september 2020. 
  15. "Simple Minds - Walk Between Worlds" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 12. september 2020.
  16. "Simple Minds – Walk Between Worlds" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 12. september 2020.
  17. "Simple Minds – Walk Between Worlds" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 12. september 2020.
  18. "Top 50 Prodejní". Tsjekkiske album. CNS IFPI. Note: On the chart page, select 201806 on the field besides the word "Zobrazit", and then click over the word to retrieve the correct chart data. Henta 8. september 2020.
  19. "Simple Minds – Walk Between Worlds". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 12. september 2020.
  20. "Offiziellecharts.de – Simple Minds – Walk Between Worlds" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 12. september 2020.
  21. «Irish Albums Chart: 12. september 2020». Irish Recorded Music Association. Henta 12. september 2020. 
  22. «Album – Classifica settimanale WK 6 (dal 2018-02-02 al 2018-02-08)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Henta 12. september 2020. 
  23. "20180209 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 12. september 2020.
  24. «Top 100 Albumes – Semana 6: del 2.2.2018 al 8.2.2018» (PDF) (på spansk). Productores de Música de España. Henta 12. september 2020. 
  25. «Sverigetopplistan – Sveriges Officiella Topplista». Sverigetopplistan. Henta 12. september 2020.  Klikk på «Veckans albumlista».
  26. "Simple Minds – Walk Between Worlds". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 12. september 2020.
  27. "20180209 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 12. september 2020.