The Wall Street Journal

(Omdirigert frå Wall Street Journal)

The Wall Street Journal er ei internasjonal dagsavis som blir gjeven ut i New York. I 2006 hadde ho eit gjennomsnittleg dagleg opplag på over 2,1 mill., i tillegg til 400.000 abonnentar på nettutgåva.[6] Dette gjorde henne til den største avisa i USA etter USA Today. Sidan 1976 og 1983 har avisa hatt særlege utgåver i høvesvis Europa og Asia; desse utgåvene kom ut i eit opplag på kring 80.000 eksemplar kvar.

The Wall Street Journal

LandUSA[1]
TypeDagsavis, vitskapleg tidsskrift
Grunnlagd8. Juli 1889
EigararDow Jones & Company
Grunnlegger(ar)Charles Dow, Edward Jones
UtgjevarDow Jones & Company[2]
SpråkEngelsk[1]
HovudkvarterNew York by
ISSN0099-9660,[3][1][4] 2574-9579[5]
OCLC4299067[1]
Nettstadhttps://www.wsj.com/ (engelsk), https://cn.wsj.com/ (kinesisk), https://jp.wsj.com/ (japansk), https://cn.wsj.com/zh-hant (standardmandarin), https://cn.wsj.com/zh-hans (standardmandarin)
Logo

Avisa var tidlegare eigd av Dow Jones & Company. 31. juli 2007 blei ho kjøpt for 5,8 milliardar dollar av mediemagnaten Rupert Murdoch og hans News Corporation, som allereie eigde eit verdsomspennande nettverk av aviser og tv-stasjonar, som Fox News.

The Wall Street Journal dekker først og fremst nyheiter og bakgrunnsstoff om amerikansk og internasjonalt næringsliv og finansverda. I tida mars–september 2009 var opplaget 2 024 269, ei stiging på 0,6 % på eit år. The Wall Street Journal var den einaste store avisa i USA som ikkje hadde synkande opplag i denne perioden.[7]

The Wall Street Journal har kome ut utan avbrot sidan ho blei grunnlagd av Charles Dow, Edward Jones og Charles Bergstresser den 8. juli 1889. Ho har vunne den prestisjefylte pulitzerprisen ei rekkje gonger.

Hovudkonkurrenten til Wall Street Journal er engelske Financial Times, som òg finst i fleire utgåver.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.ncbi.nlm.nih.gov/nlmcatalog/9877132; NLM-id: 9877132; vitjingsdato: 25. april 2022.
  2. https://www.wsj.com/about-us; vitjingsdato: 25. april 2022; sitat: Dow Jones & Co., a unit of News Corp, publishes The Wall Street Journal; avsnitt, vers eller paragraf: Our FAQs.
  3. Scopus (på engelsk, japansk, kinesisk, kinesisk, og russisk), Amsterdam: Elsevier, ISSN 2588-9885, OCLC 65858721, 17984, Wikidata Q371467, henta 25. april 2022 
  4. https://lccn.loc.gov/sn79004569; vitjingsdato: 25. april 2022.
  5. LIBRIS, Libris-URI 1ccwkpxwzbbpjwsz, Wikidata Q1798125, henta 25. april 2022 
  6. Newspaper Circulation Falls Nearly 9% - NYTimes.com
  7. Cookies are Not Accepted - New York Times

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: The Wall Street Journal