Wallaman-fossen er ein 268 meter høg foss i fritt fall i delstaten Queensland i Australia, den høgste fossen i landet. Det totale fallet til Wallaman-fossen/-fossane er 340 meter. Under fossen er ein 20 meter djup dam. Wallaman-fossen er omfatta i Girringun nasjonalpark.

Wallaman-fossen

Fossen er i Stony Creek, ei bielv til Herbert River. Berggrunnen i området vart moglegvis danna for ei 50 millionar år sidan. Hevinga av det australske kontinentet førte til at den opphavlege Herbert-elva vende retning, frå å renne vestover byrja ho å renne austover. Dermed byrja elva å grave seg gjennom ulike berglag på ferda til ho munna ut i Korallhavet. Juvet ho laga gjennom utgravinga trekte seg innover i landet langs kursen til Herbert-elva. Dermed vart Stony Creek til sist avstengd frå sitt opphavlege laup, og tok dermed ny kurs som danna Wallaman-fossen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre