Walter L. Davis (fødd 2. juli 1979) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Lafayette i delstaten Louisiana som i 2005 vart verdsmeister i tresteghopp. Han var også ein framifrå lengdehoppar, nummer sju i øvinga i VM 2003.

Walter Davis


Statsborgarskap USA
Fødd 2. juli 1979 (44 år)
Lafayette
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Davis vart nummer elleve i tresteghopp ved Sommar-OL 2000 i Sydney, året etter vart han femtemann i same øvinga ved verdsmeisterskapen i Edmonton med eit bestehopp på 17,20 m. I 2002 vart han US-amerikansk tresteg-meister med 17,59 m, og i 2003 landsmeister i lengdehopp med 8,24 m. Under Friidretts-VM 2003 i Paris deltok han i både lengdehopp og tresteg, men lukkast berre å nå finalen i lengde der han kom på sjuandeplassen med sine 8,02 m.

I 2004 vart Davis andremann i det US-amerikanske OL-uttaket i tresteg med 17,63 m, ein prestasjon han ikkje var i nærleiken av under sommarleikane i Aten der han vart nummer elleve i trestegfinalen. Han deltok også i lengde, men var langt unna å ta seg til finalen.

Sommaren 2005 vart Davis USA-meister i tresteg for andre gong. Under VM i Helsinki august månad lukkast han vinne gullmedaljen med 17,57 meter som best. Grunna skade deltok ikkje olympiameisteren Christian Olsson, medan utøvaren med 17,81 m og årsbeste i verda, Marian Oprea frå Romania, ikkje hadde fullklaff og måtte nøye seg med bronsemedaljen.

I 2006-sesongen gjorde Davis sitt livs lengste hopp både i lengde og tresteg. Mot slutten av april landa han på 8,36 meter på Martinique og åtte veker seinare nådde han 17,71 meter i Indianapolis. Året etter kneip Davis, med eit hopp på 17,33 meter, bronsemedaljen i tresteghopp under VM i Osaka, ein centimeter framom fjerdemann og to cm framom nummer fem i tevlinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • OL 2000 i Sydney: Nr 11 i tresteghopp – 16,61 m
  • VM 2001 i Edmonton: Nr 5 i tresteghopp – 17,20 m
  • VM 2003 i Paris: Nr 7 i lengdehopp – 8,02 m. Utslått i kvalifiseringa i tresteghopp (16,60 m=nr 15)
  • OL 2004 i Aten: Nr 11 i tresteg – 16,78 m. Utslått i kvalifiseringa i lengde (7,80 m=nr 23)
  • VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje i tresteg – 17,57 m. Utslått i kvalifiseringa i lengde (7,42 m=nr 19)
  • VM 2007 i Osaka: Bronsemedalje i tresteghopp – 17,33 m
  • VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa i tresteghopp (16,33 m=nr 15)
  • VM 2011 i Daegu: Utslått i kvalifiseringa i tresteghopp (16,12 m=nr 23)

Kjelder endre