Walter Demel (fødd 1. desember 1935) er ein tysk tidlegare langrennar frå Bayreuth i Oberfranken som tevla for Vest-Tyskland. Han vann bronsemedaljen på 30 km i Ski-VM 1966 i Oslo.

Walter Demel

Walter Demel under eit skirenn i Bayerischer Wald
Statsborgarskap Tyskland, Vest-Tyskland
Fødd 1. desember 1935
Bayreuth
Død

19. april 2023 (87 år)

Yrke langrennsløpar
Språk tysk
Høgd 170 centimeter
Walter Demel på Commons

Aktiv endre

Demel deltok i samtlege verdsmeisterskap i nordiske greiner og olympiske vinterleikar i tida 1962 til -76. Han vart nummer ti på tremila under Vinter-OL 1964 i Innsbruck, men det kom likevel overraskande at han tok bronsemedaljen på same distansen under Ski-VM i Holmenkollen to år seinare, fattige tre tidels sekund bakom sølvvinnaren, Kalevi Laurila frå Finland.

I Ski-VM 1970 i Strbske Pleso kom han på sjetteplass på 50 km og vart nummer sju på 15 km. To år etter vart han femtemann både på tremila og på femila under vinterleikane i Sapporo, og vart nummer sju på 15 km.

Demel vart vesttysk meister 26 gongar individuelt, i tillegg var han med å vinne 14 stafettgull.

Kjelder endre