Warlpiri er eit australsk språk som blir tala i av rundt 3000 menneske i Nordterritoriet i Australia. Det høyrer til den ngarrkiske greina av pamanyunganske språk. Warlpiri er i dag eitt av dei største urfolksspråka i Australia målt i talet på brukarar.

Warlpiri
Klassifisering Pamanyungansk
 Sørvestleg
  Ngarrkisk
   Warlpiri
Bruk
Tala i  Australia
Område Nordterritoriet
Warlpiritalande i alt 3 000 (1990)[1]
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-3 wbp

Fonologi endre

Tabellane under viser lydsystemet til warlpiri. Symbol i vinkelparentes (t.d. ‹p›) er slik dei ser ut i ortografien, medan symbol i hakeparentes (f.eks. [p]) er fonane skrive med IPA.

Vokalar endre

Warlpiri har eit vokalsystem som minnar om det i klassisk arabisk; tre vokalar i tillegg til at lengden er avgjerande, noko som gjev totalt seks vokallydar.

fremre midtre bakre
trong <i> [i], <ii> [] <u> [u], <uu> []
open <a> [a], <aa> []


Konsonantar endre

bilabial alveolar retrofleks palatal velar
plosiv <p> [p] <t> [t] <rt> [ʈ] <j> [c] <k> [k]
nasal <m> [m] <n> [n] <rn> [ɳ] <ny> [ɲ] <ng> [ŋ]
trill <rr> [r]
flapp <rd> [ɽ]
lateral <l> [l] <rl> [ɭ] <ly> [ʎ]
approksimant <w> [w] <r> [ɻ] <y> [j]

Kjelder endre

  1. Ethnologue

Bakgrunnsstoff endre