Waterboat Point (spansk Península Munita)[1] er det vestlegaste punktet på halvøya mellom Paradise Harbor og Andvord Bay på vestkysten av Graham Land. Neset har vorte skildra som ei øy, og vert ved høg flo skilt frå fastlandet, medan det elles er eit nes. Kysten i nærleiken vart først grovt kartlagd av Belgica-ekspedisjonen i 1898. Dette neset vart kartlagd og gjeven dette namnet av T.W. Bagshawe og M.C. Lester som budde der i ein båt frå januar 1921 til januar 1922.

Waterboat Point
nes
Bøylepingvinar hekkar kring denne historiske staden der to britiske forskarar, Thomas W. Bagshawe og Maxime C. Lester, var eit år i 1921-22
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 64°49′S 62°51′W / 64.817°S 62.850°W / -64.817; -62.850
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Waterboat Point
64°49′00″S 62°51′00″W / 64.8167°S 62.85°W / -64.8167; -62.85
Waterboat Point is located in Antarktis
Waterboat Point (Antarktis)
Wikimedia Commons: Waterboat Point

Den chilenske González Videla-basen ligg ved Waterboat Point. Waterboat Point med restane av overvintringshytta frå 1921 er oppført på Antarktistraktaten si liste over historiske stader og kulturminne i Antarktis.

Kjelder endre