Wawiriya Burton er ein australsk aboriginarkunstnar fødd på 1920-talet. Ho er kjend for akrylmåleri som representerer heilage forteljingar frå Draumetida.

Wawiriya Burton
Nasjonalitet Australsk
Statsborgarskap Australia
Fødd 1920-talet
nær Pipalyatjara i Sør-Australia
Yrke Kunstnar
Periode Aboriginarkunst (Western Desert)

Bakgrunn endre

Wawiriya høyrer til pitjantjatjarafolka frå sentrale Australia.[1] Ho blei fødd i eit outbackområde nær Sør-Australia på 1920-talet.[a] Ho voks opp i ein tradisjonell, nomadisk livsstil.[4] Familien hennar heldt til i faren sitt heimeområde rundt noverande Pipalyatjara.[2] Burton blei ein tradisjonell lækjar (ngangkaṟi), og fekk gjennom dette meir kunnskap om heilage tradisjonar enn mange andre i samfunnet sitt.[5][1]

Virke endre

Wawiriya Burton slo seg ned i Amaṯa, der ho byrja å arbeida ved Tjala Arts centre i 2008.[1] Tjala (opphavleg Minymaku Arts) var blitt skipa av lokale kvinner i 1999.[2] Ho byrja med å skjera ut tre og laga korger av Triodia-gras, men lærte etterkvart å måla av andre kvinner ved kunstsenteret.[5][1]

Som andre aboriginarkunstnarar inneheld verka til Burton krypterte representasjonar som berre dei som er initierte i den tradisjonelle kunnskapen kan forstå fullstendig.[5][1]

Verka hennar er blitt stilte ut i Sydney, Canberra, Melbourne, Adelaide, Perth og Alice Springs.[1] National Gallery of Victoria,[3] Art Gallery of New South Wales,[2] og Art Gallery of South Australia har verk av Burton.[5]

Prisar og utmerkingar endre

  • 2010: Finalist i Telstra Prize[6]
  • 2017: Finalist i NATSIAA, MAGNT, Darwin, NT[6]
  • 2017: Finalist i Wynne Prize[6]

Merknadar endre

  1. Det eksakte fødeåret til Wawiriya Burton er ikkje kjend. Art Gallery of New South Wales estimerer det til 1925,[2] medan National Gallery of Victoria estimerer det til 1928.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Ananguku Arts (red.). Tjukurpa Pulkatjara: The Power of the Law. Wakefield Press. s. 68. ISBN 9781862548909. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Ngayuku Mamaku Ngura». Collection Online. Art Gallery of New South Wales. 2011. Henta 3 November 2012. 
  3. 3,0 3,1 «Wawiriya Burton». Collection Online. National Gallery of Victoria. Henta 3 November 2012. 
  4. Rothwell, Nicolas (13 September 2011). «Visions of a changing topography». The Australian (Alice Springs). Henta 3 November 2012. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «Details of Wawiriya Burton». Shorts Street Gallery. Arkivert frå originalen 10. april 2013. Henta 3 November 2012. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Wawiriya Burton - Artist Profile». Short Street Gallery. Henta 15. november 2017. 

Bakgrunnsstoff endre