Wayne Andre (17. november 193126. august 2003) var ein USA-amerikansk jazz-trombonist, mest kjend for arbeidet sitt som studiomusikar.

Wayne Andre
Fødd17. november 1931
FødestadManchester
Død26. august 2003 (71 år)
OpphavUSA
Instrumenttrombone
Verka somjazzmusikar

Far til Andre var saksofonist, og han tok private musikktimar frå han var 15 år gammal. Han spelte med Charlie Spivak tidleg i 1950-åra, får han var ei stund i U.S. Air Force. I 1955 vart han med i Sauter-Finegan Orchestra, og i 1956 spelte han med Woody Herman. Frå 1956 til 1958 spelte han med Kai Winding og gjekk på Manhattan School of Music. Han komponerte sin «Nutcracker» og arrangerte «The Preacher» for the Kai Winding septet medan han spelte i septeten. I 1960-åra spelte han med det første konsertjazzbandet til Gerry Mulligan, Thad Jones/Mel Lewis og storbandet til Clark Terry. Han var med i «Mission to Russland» med Benny Goodman i 1962. Han spelte òg med Urbie Green, Art Farmer, Roy Ayres og Carl Fontana.

Etter han slo seg ned i New York City, vart Andre ein ettersøkt studiomusikar og soloist. Soloane hans kan høyrast på album som Liza Minnelli sin «More Than You Know» på Liza with a Z, Bruce Springsteen sitt Born to Run og «Blue Turk» på Alice Cooper-albumet School's Out. The New York Chapter av National Academy of Recording Arts and Sciences gav Andre prisen Most Valuable Player i 1982 og 1986. På denne tida spelte han òg med Lynn Welshman's Tentet, The Mingus Big Band og The Epitaph Band, Jaco Pastorius sitt «Word of Mouth» band og mange andre. Han spelte òg med sin eigen kvintett, som inneheldt musikarar som Marvin Stamm, Pat Rebillot, Ron Zito, Jay Leonhart, og sin eigen septet, med Matt Finders, Keith O'Quinn og Jim Pugh. Seinare spelte Andre med sitt eige storband, Illinois Jacquet Band og Mike Longo's New York State of the Art Jazz Ensemble.

Diskografi endre

Med Manny Albam

Med Patti Austin

Med Kenny Burrell

Med Hank Crawford

Med Paul Desmond

Med Charles Earland

Med Art Farmer

Med Maynard Ferguson

Med Curtis Fuller

Med Johnny Hammond

Med Jackie and Roy

Med Quincy Jones

Med Yusef Lateef

Med Jimmy McGriff

Med Airto Moreira

Med Milton Nascimento

Med Lalo Schifrin

Med Don Sebesky

Med Gábor Szabó

Med Stanley Turrentine

Med Cedar Walton

Med Randy Weston

Kjelder endre