Opna hovudmenyen

Wayne Fontana (fødd 28. oktober 1945 som Glyn Geoffrey Ellis) er ein engelsk rock- og popsongar, mest kjend for hitten «Game of Love» med The Mindbenders.

Wayne Fontana
Fødd28. oktober 1945 (73 år)
FødestadLevenshulme i Manchester i Lancashire i England
FødenamnGlyn Geoffrey Ellis
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1962
SjangerBeat, pop
Instrumentvokal
Tilknytte artistarThe Mindbenders
PlateselskapFontana
Verka somSongar

BiografiEndra

Fontana vart fødd i Levenshulme i Manchester og tok scenenamnet sitt frå trommeslagaren til Elvis Presley, D.J. Fontana. I 1963 skipa han gruppa si The Mindbenders, og fekk platekontrakt, tilfeldigvis med Fontana Records. Han vart verande på selskapet etter at han og The Mindbenders gjekk kvart til sitt.

Fontana fortsette som soloartist og brukte studiomusikarar under namnet The Opposition, mellom anna med Frank Renshaw (sologitar), Bernie Burns (trommer), Roy «Rossi» Henshall (bass), Rod Gerrard (gitar, tidlegare i Herman's Hermits) og Phil Keane (trommer), blant fleire. Stundom vart bandet òg kalla The Mindbenders, og stundom berre The Wayne Fontana Band. Den mest suksessrike solosingelen hans var «Pamela, Pamela» (skriven av Graham Gouldman), som nådde femteplassen i Australia (Kent Music Report) og 11. plassen på UK Singles Chart tidleg i 1967.

I 2005 redda han seg sjølv frå personleg konkurs, men vart arrestert etter at ein skatteoppkrevjar drog heim til han i Glossop og Fontana helte bensin oppå bilen til oppkrevjaren og tente på, medan han framleis sat inne i bilen.[1][2] Fontana vart halde i varetekt til 25. mai 2007. Han dukka seinare opp i retten i Derby kledd som fru Justitia, med sverd, brynje, krone, kappe og mørke solbriller, og hevda at «retten er blind».[3] Han avslo advokatane sine.[4] Den 10. november 2007 vart han dømd til 11 månader i fengsel for å ha sete bilen i brann, men vart sleppt fri fordi han hadde sete lenge i varetekt.[5] Etter han kom ut slo han seg ned i Spania.

DiskografiEndra

AlbumEndra

  • Wayne Fontana and the Mindbenders – 1964 (UK Fontana TL5230)
  • The Game of Love – 1965 (US Fontana MGF 27542 (Mono)/SRF 67542 (Stereo))
  • Eric, Rick, Wayne and Bob – It's Wayne Fontana and the Mindbenders – 1965 (UK Fontana TL5257)
  • Wayne One – 1966 (UK Fontana TL5351 (Mono)/STL5351 (Stereo))
  • Wayne Fontana – 1967 (US MGM E 4459 (Mono)/SE 4459 (Stereo))
  • The Best of Wayne Fontana & The Mindbenders – 1994 (US Fontana 314 522 666-2 )

SinglarEndra

Wayne Fontana and the MindbendersEndra

Singel År Katalognummer Listeplassering Britisk album Amerikansk album
UK AU US
1963 «Hello Josephine»
med «Road Runner»
UK Fontana TF404 46 Ikkje albumspor Ikkje albumspor
«For You, For You»
med «Love Potion No. 9»
UK Fontana TF418
1964 «Little Darlin'»
med «Come Dance With Me»
UK Fontana TF436
«Stop Look and Listen»
UK B: «Duke of Earl»
US B: «Road Runner»
UK Fontana TF451
US Fontana 1917
37
«Um, Um, Um, Um, Um, Um»
med «First Taste of Love»
UK Fontana TF497 5
1965 «Game of Love»
med «Since You've Been Gone»
UK Fontana TF535
US Fontana 1503
2 38 1 A: The Game of Love
B: Ikkje albumspor
«Game of Love»
med «One More Time»
Second US pressing
US Fontana 1509 A: Ikkje albumspor
B: Wayne Fontana and The Mindbenders
The Game of Love
«It's Just a Little Bit Too Late»
med «Long Time Comin'»
UK Fontana TF579
US Fontana 1514
20 55 45 Eric, Rick, Wayne and Bob Ikkje albumspor
«She Needs Love»
med «Like I Did»
UK Fontana TF611
US Fontana 1524
32 A: Ikkje albumspor
B: Eric, Rick, Wayne and Bob

Wayne Fontana (solo)Endra

År Singel Katalognummer Listeplassering Britisk album Amerikansk album
UK AU BR
1965 «It Was Easier To Hurt Her»
med «You Made Me What I Am Today»
UK Fontana TF642
US MGM 13456
36 Wayne One Wayne Fontana
1966 «Come on Home»
med «My Eyes Break Out in Tears»
UK Fontana TF684
US MGM 13516
16 38 A: Ikkje albumspor
B: Wayne Fontana
«Goodbye Bluebird»
med «The Sun's So Hot Today»
UK Fontana TF737 49 Ikkje albumspor Ikkje albumspor
«Pamela Pamela»
med «Something Keeps Calling Me Back»
UK Fontana TF770
AU Fontana TF770
US MGM 13661
11 5 Wayne Fontana
1967 «24 Sycamore»
med «From a Boy To a Man»
UK Fontana TF827
US MGM 13762
33 Ikkje albumspor
«The Impossible Years»
med «In My World»
UK Fontana TF866 72
«Gina»
med «We All Love the Human Race»
UK Fontana TF889 1
1968 «Storybook Children»
med «I Need To Love You»
UK Fontana TF911
«The Words of Bartholomew»
med «Mind Excursion»
UK Fontana TF933 84
«Never an Everyday Thing»
med «Waiting For a Break in the Clouds»
UK Fontana TF976
1969 «Dayton Ohio 1903»
med «Say Goodbye To Yesterday»
UK Fontana TF1008
US Metromedia 133
«We're Building a Love»
med «Charlie Cass»
UK Fontana TF1054
«Charlie Cass»
med «Linda»
UK Fontana TF1054
1973 «Together»
med «One Man Woman»
UK Warner Bros. K 16269
1976 «The Last Bus Home»
med «Give Me Just a Little Bit»
UK Polydor 2058 758

KjelderEndra

  1. «Pop star Fontana charged with arson | UK news | The Observer». Guardian. 4. februar 2007. Henta 3. april 2018. 
  2. «60S STAR ON ARSON CHARGE». Arkivert frå originalen 16. desember 2007. Henta 3. april 2018. 
  3. «Business | The Times». Business.timesonline.co.uk. 3. november 2013. Henta 3. april 2018. 
  4. «??». Timesonline.co.uk.  (treng abonnement)
  5. Steve Bird (10. november 2007). «Paranoid pop star set fire to bailiff's car in row over congestion charge fine». The Times. Henta 3. april 2018.