Wayne Perkins
David Wayne Perkins (fødd i 1951) er ein USA-amerikansk rock- og R&B-gitarist, songar, låtskrivar og studiomusikar.
Wayne Perkins | |||
Fødd | 1951 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Birmingham i Alabama | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1970– | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Verka som | songar, komponist, gitarist |
Perkins byrja som studiomusikar i 1968 for eit studio eigd av Quin Ivy i Muscle Shoals i Alabama. Sidan fekk han arbeide i Muscle Shoals Sound Studio med artistar som David Porter and the Soul Children, Dave Crawford og Brad Shapiro, Dee Dee Warwick, Ronnie Milsap, Joe Cocker, Leon Russell, Jimmy Cliff, Jim Capaldi, Steve Winwood og Marlin Greene. Perkins spelte òg sologitar på tre spor på Catch a Fire, eit album frå 1973 av Bob Marley and the Wailers: «Concrete Jungle», «Stir It Up» og «Baby We’ve Got a Date».[1]
Perkins starta sidan bandet Smith, Perkins and Smith, som spelte inn to album og turnerte i England i lag med Free, Fairport Convention, Argent, Uriah Heep, Family og Vinegar Joe. Clapton fekk arrangert for Perkins å prøvespele for The Rolling Stones seinare i 1970-åra.[2] På grunn av dette fekk Perkins spele sologitar på albumet Black and Blue.[3][4] Sidan heldt Perkins til i Nashville, der han skreiv musikk for Catdaddy Music og varmed å skrive filmusikk med Richard Wolf for filmane The Karate Kid Part II og Back to School. Perkins starta sidan bandet Problem Child med Robert Nix og Rick Christian, og spelte bass med Lonnie Mack. Han har òg spelt med artistar som The Alabama State Troupers, Ben Atkins, Michael Bolton, Angela Bofill, The Everly Brothers, The Oak Ridge Boys, Billy Ray Cyrus, Ray Reach og mange andre.
I 1995 spelte Perkins inn det første soloalbumet sitt, Mendo Hotel,[3] og i 2005 gav han ut Ramblin' Heart.
Nokre år seinare fekk Wayne Perkins påvist fleire hjernesvulstar, som han vart behandla for, men han gav seg då med musikkarrieren.[5]
Diskografi
endre- 1971 Hills of Indiana Lonnie Mack ; Living by the Days Don Nix ; Lovejoy Albert King; Mary Called Jeanie Greene; Ronnie Milsap Ronnie Milsap
- 1972 Alabama State Troupers Road Show Alabama State Troupers; Dinnertime Alex Taylor; Catch a Fire Bob Marley & The Wailers; John David Souther John David Souther; Raised on Records P.F. Sloan; Smith Perkins Smith Smith Perkins Smith; Smokestack Lighting Mike Harrison; Stories We Could Tell The Everly Brothers; Tiptoe Past the Dragon Marlin Greene
- 1973 Last Stage for Silverworld Kenny Young; October Claire Hamill
- 1974 Court and Spark Joni Mitchell; Hobos Heroes & Street Corner Clowns Don Nix; Monkey Grip Bill Wyman
- 1975 Michael Bolton Michael Bolton
- 1976 As Long as You Love Me Mickey Thomas; Black and Blue The Rolling Stones; Diggin' It Dunn & Rubini; Glass Heart Allan Rich
- 1978 Levon Helm Levon Helm; Skynyrd's First and...Last Lynyrd Skynyrd
- 1979 Next Song Is... Keith Herman
- 1980 I Had to Say It Millie Jackson; McGuinn-Hillman Roger McGuinn med Chris Hillman; Storm Windows John Prine
- 1981 Gimme You Billy Burnette; Mean Streets McGuinn & Hillman; Plain from the Heart Delbert McClinton; Reunion Jerry Jeff Walker; Tattoo You The Rolling Stones
- 1982 Night After Night Steve Cropper; No Fun Aloud Glenn Frey; Old Enough Lou Ann Barton
- 1983 American Made The Oak Ridge Boys; E.S.P. (Extra Sexual Persuasion) Millie Jackson
- 1984 Greatest Hits, Vol. 2 The Oak Ridge Boys
- 1985 Home Again The Everly Brothers; Step on Out The Oak Ridge Boys
- 1986 Back to School Original Soundtrack
- 1991 Early Years Michael Bolton; Loner Prince Phillip Mitchell
- 1992 Songs of Freedom Bob Marley & The Wailers
- 1993 Mr. President Ray Reach og ymse artistar.
- 1993 Jump Back: The Best of the Rolling Stones 1971-1993 The Rolling Stones; Ultimate Collection Albert King
- 1994 Classics, Vol. 2: Plain from the Heart Delbert McClinton; Classics, Volume 1 Delbert McClinton; Heartaches & Harmonies [Box Set] The Everly Brothers
- 1995 Mendo Hotel Wayne Perkins; Soul Children - Best of Two Worlds The Soul Children
- 1996 So I Can Love You-Untouched The Emotions
- 1997 Count On Me James Clark, Produsert av Ray Reach
- 1998 At Home in Muscle Shoals Bobby Womack; House Rent Party Ymse artistar; Skynyrd's First: The Complete Muscle Shoals Album Lynyrd Skynyrd
- 2002 Forty Licks The Rolling Stones; Patchouli Ben Atkins
- 2003 Every Little Lie Ken Valdez
- 2005 Ramblin' Heart Wayne Perkins
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wayne Perkins» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Marco On The Bass: The Story Of Wayne Perkins & «Concrete Jungle»-- The Unsung «White» Wailer Who Changed The Sound Of Reggae». Marcoonthebass.blogspot.com. 23. januar 2013.
- ↑ Shuster, Fred (19. januar 1996). «No Strings Attached: Session man Wayne Perkins now playing with own band». Los Angeles Daily News. Arkivert frå originalen 19. oktober 2012.
- ↑ 3,0 3,1 Hicks, Tony (8. november 2002). «Almost A Stone: No Regrets for Gitarist Who Lost Out». Contra Costa Times. s. 37.
- ↑ Matsumoto, Jon (11. august 1994). «The Rolling Stones «Black and Blue» (1976) / Virgin». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen 10. oktober 2012. Henta 30. januar 2021.
- ↑ «Rolling Stones, Bob Marley and me: Alabama gitarist's epic life». Al.com. 11. oktober 2017.