Opna hovudmenyen
Plasseringa av Weihai (gul) i Shandong
Hamneområde i Weihai
Gledeporten i Weihai

Weihai (kinesisk: 威海, pinyin: Wēihǎi) er eit byprefektur heilt aust i provinsen Shandong i Kina. Weihai ligg ved Gulehavet, ved innløpet til den indre delen av det same havet, kalla for Bohaibukta. Byprefekturet har eit areal på 5 436 km² og hadde vel 2,8 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Weihai omfattar eitt bydistrikt (区 ) og tre byfylke (市 shì).

Weihai har varme kjelder, og ut for kysten ligg mange småøyar.

NæringslivEndra

Weihai er ein hamneby og eit fiskerisentrum, med ein del lettindustri. Avstanden til Sør-Korea er liten, så Weihai har eit stort innslag av koreanske næringsaktørar og tek også mot mange turistar frå Korea. Weihai er kjerneområde for dyrking av peanøtter og frukt.

SamferdsleEndra

Weihai har samband med utomverda gjennom både veg, tog og fly. Frå flyplassen går ruter til fleire kinesiske storbyar, samt til to flyplassar i Sør-Korea.

HistorieEndra

Den nordkinesiske flåtestyrken, den såkalla Beiyangflåten, hadde base i Weihai. Under den første japansk-kinesiske krig var byen kringsett. Dei kinesiske krigsskipa som hadde berga seg etter sjøslaget ved Yalu vart øydelagde i hamna den 2. februar 1895. Øvstkommanderande admiral, Ding Ruchang, tok deretter sitt eige liv.

Frå 1898 til 1930 var Weihai ein britisk koloni, under namnet Weihaiwei.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra