Weronika Nowakowska
Weronika Nowakowska (fødd 7. juli 1986) er ein polsk skiskyttar frå småbyen Duszniki-Zdrój i det sørvestlege Polen, som vann to medaljar under VM i skiskyting 2015 i Kontiolahti.
Weronika Nowakowska | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 7. juli 1986 (38 år) Kłodzko |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 2010, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner |
Nowakowska overraska stort då ho kom på femteplasen i 15 km normalprogram under Vinter-OL 2010 i Vancouver. Nesten like overraskande var det at ho skulle vinne sølvmedaljen i 7,5 km sprint då VM i skiskyting 2015 fann stad i finske Kontiolahti. Med prikkfri skyting heldt ho alle andre enn {{Marie Dorin Habert]] bak seg på resultatlista. Trass i tre strafferundar på den etterfylgjande jaktstarten lukkast ho ta bronsemedaljen. Utanom desse tre tre tevlingane har Nowakowska aldri vorte betre enn nummer seks i verdscupen i skiskyting.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Weronika Nowakowska» frå Wikiedia på polsk, den 9. februar 2016.