Vest-Virginia
(Omdirigert frå West Virginia)
Vest-Virginia (engelsk West Virginia) er ein delstat i USA. Hovudstaden er Charleston.
Vest-Virginia | |||
delstat | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | det kontinentale USA, South Atlantic states | ||
Hovudstad | Charleston | ||
Areal | 62 755 km² | ||
- land | 62 361 km² | ||
- vatn | 394 km² | ||
Folketal | 1 815 857 (2017) | ||
Folketettleik | 29 / km² | ||
Guvernør | Jim Justice (R) | ||
Før innlemming | Del av Virginia | ||
Innlemma i USA | 20. juni 1863 | ||
Statsnummer | 35. | ||
Forkorting | WV | ||
![]() Vest-Virginia | |||
Wikimedia Commons: West Virginia | |||
Nettstad: wv.gov | |||
Staten er den vestre delen av den opphavlege staten Virginia, men då Sørstatane reiv seg laus frå USA under den amerikanske borgarkrigen nekta fylka som no utgjer Vest-Virginia å gjera dette. Dei blei godkjende som eigen stat den 20. juni 1863, og er den einaste delstaten som blei oppretta som eit direkte resultat av borgarkrigen.
Vest-Virginia grensar til Pennsylvania i nord, Ohio i nordvest, Kentucky i vest, Maryland i nordaust og Virginia i aust og sør. Elvane Ohio og Potomac dannar delar av grensene. Vest-Virginia er den einaste staten som ligg helt innanfor fjellkjeda Appalachane.
