West Yorkshire
West Yorkshire er eit metropolitansk grevskap i Yorkshire and the Humber i England med kring 2,2 millionar innbyggjarar. West Yorkshire vart skipa i 1974.
West Yorkshire | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Status | Seremonielt og metropolitansk grevskap |
Opphav | 1974 |
Region | Yorkshire and the Humber |
Areal | 2 029 km² |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2005) - Folketettleik |
2 161 200 1 065,2 /km² |
Etnisitet | 88,6 % kvite 8,7% sørasiatiske |
Distrikt | |
![]() |
West Yorkshire består av fem bykommunar, City of Bradford, Calderdale, Kirklees, City of Leeds og City of Wakefield, og grensar til grevskapa Derbyshire i sør, Stor-Manchester i sørvest, Lancashire i nordvest, North Yorkshire i nord og aust og South Yorkshire i søraust.
West Yorkshire grevskapsråd vart nedlagd i 1986 så distrikta har sidan den gong i røynda vore sameinte styresmakter.
West Yorkshire omfattar West Yorkshire storbyområde, som er det største byområdet i det historiske grevskapet Yorkshire.
Bakgrunnsstoff Endra
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «West Yorkshire» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2009.