Weston-super-Mare

Weston-super-Mare er ein kystby i Somerset i England. Han har kring 85 000 innbyggjarar og ligg ved Bristolkanalen, omkring 28 km sørvest for Bristol. Byen er kjent for sine sandstrender, som er populære badestader sjølv om det ved lågvatn kan vere dryge halvannan kilometer frå strandlinja til vatnet.

Weston-super-Mare

Utsyn over Westo-super-Mare
Utsyn over Westo-super-Mare
Utsyn over Westo-super-Mare
Plassering
Weston-super-Mare is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Somerset
Distrikt North Somerset
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

85 274
Koordinatar 51°21′N 2°59′W / 51.350°N 2.983°W / 51.350; -2.983
Diverse annan informasjon
Postnummer BS22–BS24
Telefon-retningsnummer 01934
Nettstad: www.weston-super-maretowncouncil.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Weston-super-Mare

Namnet Weston kjem frå angelsaksisk «west tun», «vestleg busetjing». Den skildrande delen er uvanleg, då ein har halde forma frå mellomalderlatin, som tyder «på havet», men uttala er endra.

Byen voks i viktoriansk tid, då det vart populært å reise på ferie til sjøen. Saman med Burnham-on-Sea tente Weston på plasseringa, nær både Bristol, Bath og det sørlege Wales. Då jarnbana kom byrja tusenvis av turistar å kome til byen for kortare opphald. Birnbeck Pier vart ferdigstilt i 1867 for å gje eit tilbod til alle dei vitjande i form av spelehallar, teservering, tivoli og eit fotostudio.

Den nye piren tydde at mange vitjande ikkje kom inn i sentrum. Dei starta difor bygginga av Grand Pier, som vart opna i 1904 nær hovudgatene. Han var opphavleg tenkt å bli 2,4 km lang. Han står enno i forkorta form, men musikkteatret som stod på han er erstatta av kafear og ulike underhaldningstilbod. Den 28. juli 2008 brann han ned til grunnen.

Etter første verdskrigen vart det bygd fleire ting for turistane, som ein vinterhage og paviljong, eit utandørs symjebasseng og ein flyplass. Under andre verdskrigen vart mange som var evakuert frå andre stader innkvartert i byen. Weston vart bomba fleire gonger, og delar av sentrum vart skadd.

Etter krigen kom ei nedgangstid for Weston, såvel som for andre kystbyar. Etterkvart kom tilboda om billege utanlandsreiser, og med nedleggingar innan mange industriar kunne færre arbeidarfamiliar, som dei frå gruvebyane i Wales, fere på ferie. Fleire industrinæringar etablerte seg i byen, blant anna flyproduksjon. Med motorvegen M5 i nærleiken vart transporthøva betra, og byen har fått fleire industribedrifter, og mange innbyggjarar pendlar til Bristol.

Turisttrafikken har aldri heilt vorte borte, og sørgjer enno for ein del arbeidsplassar i Weston. Eit helikoptermuseum, eit maritimt opplevingssenter og ein miniatyrjernbane gjev nye tilbod til vitjande.

Blant kjende personar frå Weston-super-Mare er John Cleese, Jeffrey Archer og Jill Dando.

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Weston-super-Mare frå Wikivoyage