When the Tigers Broke Free

song av Pink Floyd
When the Tigers Broke Free
av Pink Floyd
frå albumet Pink Floyd The Wall
B-side

«Bring the Boys Back Home» (filmversjon)

Språk engelsk
Utgjeve 26. juli 1982
Innspelt 1982
Sjanger Progressiv rock
Lengd 3:17
Selskap Harvest Records (UK)
Columbia Records (US)
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Roger Waters, James Guthrie og Michael Kamen
Pink Floyd-kronologi 
«Run Like Hell»
(1980)
When the Tigers Broke Free «Not Now John»
(1983)


«When the Tigers Broke Free» er ein song av Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen skildrar dødsfallet til faren, Eric Fletcher Waters, under Operasjon Shingle i andre verdskrigen[1]. Songen vart skriven samstundes med The Wall og var opphavleg meint som ein del av albumet, men vart avvist av dei andre bandmedlemmane fordi dei meinte han var for personleg[2]. Han vart seinare innspelt og teken med i filmversjonen av The Wall og først gjeven ut som ein eigen singel den 26. juli 1982. Singelen var merka «Taken from the album The Final Cut», men vart heller ikkje inkludert på dette albumet før 2004, så som bonusspor. Songen vart òg gjeven ut på samlealbumet Echoes: The Best of Pink Floyd i 2001.

Songen set i stand premissane for soga i filmen The Wall, der Operasjon Shingle vert skildra. Dei allierte styrkane gjekk i land på strendene nær Anzio i Italia med målet om å frigjere Roma frå tyskarane. Desse styrkane omfatta kompani C frå Royal Fusilers, der faren til Waters tente. Som Waters fortel i songen, så hadde kommandanten ved fronten bede om å få trekkje styrkane sine attende frå eit tysk Tiger I-tanksåttak, men generalane nekta og «the Anzio bridgehead was held for the price / Of a few hundred ordinary lives», sidan Tigerane braut gjennom det britiske forsvaret og utsletta heile kompaniet.

I det andre verset skildrar Waters korleis han finn eit kondolansebrev frå den britiske regjeringa, skildra som eit notat frå kong Georg i form av eit bladgullrull som «His Majesty signed / In his own rubber stamp.». Krenkinga til Waters eksploderer i den siste linja med «And that's how the High Command took my Daddy from me».

Det underliggande temaet i songen er ein av dei viktigaste faktorane som driv hovudrolla Pink inn i isolasjon gjennom historia i The Wall.

Filmversjonen endre

Det første verset er i opninga av filmen, der ein ser far til Pink reinsar og ladar ein revolver medan han røyker ein sigarett og høyrer bombefly i lufta over seg. Han glir så over i songen «In the Flesh?», der lagnaden hans vert vist. Det andre verset (etter «Another Brick in the Wall Part 1») syner Pink som finn uniforma til faren, kondolansebrevet, barberkniv og kuler. Han tar så på seg uniforma, før det vert klippa til faren som gjer det same.

Salslister endre

Liste (1982) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[3] 39

Medverkande endre

med:

Kjelder endre

  1. Blake, Mark. Comfortably Numb — The Inside Story of Pink Floyd. Cambridge, Massachusetts: Da Capo Press, s. 13-14, 291.
  2. «Interview with Roger Waters». Wolfgang's Vault. 22 oktober 1984. Arkivert frå originalen 7. juli 2011. Henta 21. februar 2011. 
  3. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.