White Light av Gene Clark

White Light
Studioalbum av Gene Clark
Språk engelsk
Utgjeve August 1971
Innspelt Spring 1971
Studio A&M Studios og Village Recorders i Los Angeles
Sjanger Countryrock, folkrock
Lengd 34:58
Selskap A&M
Produsent Jesse Ed Davis
Gene Clark-kronologi 
Through the Morning, Through the Night
(1969)
White Light Roadmaster
(1973)


White Light eller Gene Clark er det andre soloalbumet til Gene Clark, tidlegare medlem i The Byrds. Det fekk god kritikk då det kom ut i 1971, men selde berre godt i Nederland, der det vart kåra til årets album.[2] Som alle albuma hans etter Byrds selde det særs dårleg i USA.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]

Med seg på albumet hadde Clark produsenten og gitaristen Jesse Ed Davis, bassisten Chris Ethridge frå The Flying Burrito Brothers, organisten Mike Utley, i lag med pianisten Ben Sidran og trommeslagaren Gary Mallaber, begge frå The Steve Miller Band. Sjølv om Clark byrja på eit nytt album for A&M, stoppa selskapet innspelinga før albumet var fullført. Desse songane kom ut i Nederland, men vart ikkje gjeven ut i USA før i 1994 på albumet Roadmaster.[2]

Musikkritikaren Thom Jurek skreiv for AllMusic at albumet «har etablert seg som eit av dei beste singer/songwriter-albuma nokon gong... Med melodiar som er mutert frå country avslørte White Light at det var han som var den originale poeten og arkitekten bak musikken til The Byrds. Utgåva av hans av Bob Dylan sin «Tears of Rage» mot sutten av plata er like bra, om ikkje betre enn The Band sin versjon.»[1]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Gene Clark, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Virgin» 3:40
2.«With Tomorrow»Clark, Jesse Ed Davis2:27
3.«White Light» 3:41
4.«Because of You» 4:06
5.«One in a Hundred» 3:36
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«For a Spanish Guitar» 5:00
7.«Where My Love Lies Asleep» 4:23
8.«Tears of Rage»Bob Dylan, Richard Manuel4:15
9.«1975» 3:49
Bonusspor på 2002-utgåva til Universal/A&M
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«Because of You» (alternativ miks) 4:05
11.«Stand by Me» (ikkje tidlegare utgjeven)Ben E. King, Jerry Leiber, Mike Stoller2:44
12.«Ship of the Lord» (ikkje tidlegare utgjeven) 2:32
13.«Opening Day» (ikkje tidlegare utgjeven) 4:00
14.«Winter In» (sjeldant spor) 3:22

Medverkande endre

Musikarar endre

Produsent endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Jurek, Thom. «White Light > Review». AllMusic. Henta 10. januar 2017. 
  2. 2,0 2,1 Robertson, Ray (2016). Lives of the Poets (with Guitars). Biblioasis. ISBN 9781771960731.