Wibeke Knagenhjelm

norsk motstandskjempar

Wibeke Sophie Knagenhjelm (fødd Haffner, fødd 14. desember[1] 1918 i Oslo, død 1. november 2003) var ein norsk journalist, motstandskvinne, lokalhistorikar og manusforfattar.[2]

Wibeke Knagenhjelm
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. desember 1918
Død

1. november 2003 (84 år)

Yrke journalist, manusforfattar
Ektefelle Nils Joachim Knagenhjelm Sjå dette på Wikidata

Virke endre

Etter examen artium frå Frogner skole og ex.phil ved Universitetet i Oslo, studerte Knagenhjelm sosialøkonomi eit par semester,[3] før ho vart assistent ved den tyske Charlotte Bühler (1883–1974) sitt psykologisk-pedagogiske rådgjevingsinstitutt, ho hadde flytta hit i 1938. I 1939 fekk Knagenhjelm jobb i Aftenposten og i september 1942 vart ho arrestert for å ha drive den ulovlege avisa Budstikken. Ho slutta då i Aftenposten, og vart hemmeleg aktiv i Milorg medan ho i 1943 fullførte Oslo Husmorskole. Wibeke gifta seg i 1944 med medmotstandsmann Nils Joachim Knagenhjelm (1920–2004) frå Kaupanger i Sogndal kommune, ein av dei som hausten 1944 fekk i stand «Siskin», ei lokal Milorg-gruppe i indre Sogn. Wibeke vart også arrestert før frigjeringa og halden som gissel i fleire månader for å lokka fram ektemannen.[4]

 
Wibeke var husfrue på Kaupanger hovudgard, her fotografert av Francis Bull.

Nils var av den kjende slekta Knagenhjelm som hadde halde til på Kaupanger hovudgård. Han var ordførar i Sogndal 1968-1975 og mottok St. Olavs Orden.[5][treng kjelde] Wibeke vart husfrue og fekk stifta Kaupanger og Amla Husmorlag i 1950. Ho sat i Norges Husmorforbund sitt kretsstyre og i barnevernsnemnda i Sogn og Fjordane. På 1960-talet stod ekteparet bak oppussinga av Kaupanger stavkyrkje, og Wibeke laga program om dette for Norsk rikskringkasting (NRK). Ho vart også lokalkjend for å ha forfatta fleire manuskript til historiske teateroppsetjingar. Knagenhjelm var med på å starta historielaget i Sogndal. I 1986 sette ho i gang arbeidet for å få bevart det gamle Munthehuset som ligg i Ytre Kroken i Luster, der mellom andre Gerhard Munthe (1795–1876) var fødd. For alt dette mottok ho i 1992 «Urnesnåla» frå Fortidsminneforeningen i Sogn og Fjordane, og også Sogndal kommune sin kulturpris.[6]

Ho skreiv for Aftenposten utover 1950-talet, men då som bokmeldar og tidvis med psevdonyma «Roro» og «Moi Méme».[7] Etterkvart kom det også forteljingar frå kulturarbeidar på Vestlandet, og frå 1969 til 1985 skreiv ho meir fast, ei tid som sommarvikar i sosietetsspaltar i bladet.[8] Wibeke var dotter av major Michael Sverdrup Haffner (1872–1931) og Ruth Skridshol (1895–1993).[7][9] Faren var oldebarn av eidsvollsmannen Georg Sverdrup og hadde sidan 1919 skrive om både kunst og historie som medlem av Aftenposten sin redaksjon. Han vart i 1927 major og sjef for Søndhordland landvernsbataljon, men døydde i 1931 etter kort sjukeleie.[10]

Bibliografi endre

Bøker endre

  • 1968 – Festskrift til Kaupanger Ungdomslag : 1908 - 25.oktober - 1968 (Leikanger: Ingvald Husabø Prenteverk)  [Redigert av Wibeke Knagenhjelm]

Drama endre

  • «Kaupanger kirke gjennom 800 år», filmproduksjon for NRK
  • «Slaget ved Fimreite», teatermanuskript 1984. I anledning at det var 800 år siden Slaget ved Fimreite, først avholdt i 1184.
  • «Klokkesong[daud lenkje]», 1984. Syngespill på latin og norrønt til musikk av Arne Nordheim i anledning ovennevnte 800-årsjubileum.[11]
  • «Maktkamp ved Hjørungavåg», teatermanuskript 1986. Også omtalt som «Oppgjør ved Hjørungavåg» da det ble oppført 14.-16. august 1986 i anledning at det var tusen år siden Slaget ved Hjørungavåg, først avholdt i år 986.[12]
  • «Draum over fjell og hav» manus, 1987.

I tidsskrift - eit utval endre

Kjelder endre

Referansar
  1. Fødselsdatoen er henta frå bursdagsartikkelen Husfrue og journalist i Aftenposten den 14. desember 1988.
  2. Jan Stedje, Wibeke Knagenhjelm død i Bergens Tidende den 6. november 2003.
  3. 50 år i Aftenposten den 14. desember 1968.
  4. Milorg-basen i Sogndalsdalen i Fylkeleksikon Sogn og Fjordane.
  5. Jamfør artikkelen «Nils J. Knagenhjelm» i dansk Wikipedia, forfatta sommaren 2013.
  6. Wibeke Knagenhjelm i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane, arkivert frå originalen 17. august 2016, henta 6. juli 2016 
  7. 7,0 7,1 Studentene fra 1938 : biografiske opplysninger, statistikk og artikler samlet til 25 års jubileet 1963 utgitt av bokkomiteen for studantane i 1963.
  8. Eva Braathen Dahr og Gerda Vislie, Wibeke Knagenhjelm, nekrolog i Aftenposten den 7. november 2003.
  9. Mora sitt dødsår frå Gravferdsetaten i Oslo.
  10. Major M. S. Haffner i Aftenposten den 21. august 1931.
  11. Mona Levin, Æresborger med egen konsert i Aftenpoften den 30. november 1985.
  12. Eva Braathen Dahr, Vardene tennes igjen i Aftenposten den 17. juni 1986.

Bakgrunnsstoff endre