Wien-konvensjonen om vern av ozonlaget
Wien-konvensjonen, offisielt Vienna Convention for the Protection of the Ozone Layer, er ein internasjonal miljøkonvensjon til vern av ozonlaget, inngått i 1985 og tredde i kraft i 1988. Han er ratifisert av 197 land og av EU.[1] Konvensjonen var ein forløpar for den meir forpliktande Montreal-protokollen i 1987.[2]
Wien-konvensjonen er ein av dei mest vellukka internasjonale avtalane om ein tel talet på land som har ratifisert han. I 2009 fekk han historisk status då han blei den første konvensjonen av noko slag som blei ratifisert av alle medlemslanda i SN.[2]
Kjelder
endre- Fotnotar
- ↑ «Vienna Convention for the Protection of the Ozone Layer». United Nations Treaty Series. Arkivert frå originalen 10. september 2011. Henta 17. januar 2012.
- ↑ 2,0 2,1 Olerud, Kåre (4. oktober 2016). «Wien-konvensjonen». Store norske leksikon. Henta 13. juni 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- The Vienna Convention for the Protection of the Ozone Layer. Handbok til konvensjonen ved UNEP.
- UNEP: The Ozone Secretariat (UNEP). Arkivert nettstad.
- Ratifiseringar Arkivert 2011-09-10 ved Wayback Machine. ved treaties.un.org
- Den engelske teksten til konvensjonen (PDF)
- Vienna Convention for the Protection of the Ozone Layer Arkivert 2016-03-09 ved Wayback Machine. ved ECOLEX-the gateway to environmental law