Wii er ein spelkonsoll som er utvikla av Nintendo. Han er den femte stasjonære spelkonsollen frå selskapet og høyrer til same generasjon spelkonsollar som PlayStation 3 frå Sony og Xbox 360 frå Microsoft. Wii har fleire avanserte funksjonar samanlikna med tidlegare Nintendo-konsollar. Til dømes kan den trådlause handkontrollen brukast som ei handhalden peikeeining og registrerer rørsler i tre dimensjonar. Ein annan viktig funksjon er WiiConnect24, som gjer det mogeleg for konsollen å hente inn meldingar og oppdateringar over internett medan han er i sovemodus.[3]

Wii
Wii console.png
Wii-konsoll med Wii Remote
ProdusentNintendo
LanseringNA: 19. november 2006
JP: 2. desember 2006
EU: 8. desember 2006
Einingar selde101,63 millionar[1]
Mestseljande spelWii Sports (82,81 millionar)[2]
ForgjengarNintendo GameCube
EtterfølgjarWii U
Nettstadwww.nintendo.com/wii/

Wii er etterfylgjaren til Nintendo GameCube, og den fyrste utgåva av Wii er kompatibel med spel og utstyr utvikla for GameCube. Nintendo nemnde Wii-konsollen fyrste gongen på ein nyhendekoneranse på E3-messa i 2004 og avduka han seinare på E3-messa i 2005. Ein prototype av kontrollen vart vist fram under Tokyo Game Show i september 2005.[4] Konsollen vart lansert i Nord-Amerika 19. november 2006, i Japan 2. desember 2006 og i Europa 8. desember 2006. Wii har i 2013 seld over 100 millionar eksemplar.

Seint i 2011 lanserte Nintendo ein ny modell av Wii, kalla Wii Family Edition, som fjerna støtte for Nintendo GameCube-spel og -maskinvare. Wii Mini, ei kompakt og billig utgåve av Wii, vart lansert seint i 2012. Denne utgåva kan ikkje spele GameCube-spel eller kople seg til internett.

Wii U, etterfylgjaren til Wii, kom ut i 2012.

Maskinvare endre

Wii finst i fargane kvit og svart, og han er den minste stasjonære spelkonsollen frå Nintendo hittil: han er 44 mm vid, 157 mm høg og 215,4 mm djup. Maskinen veg 1,2 kg og kan stå oppreist eller ligge vertikalt. Wii har 512 MB innebygd flashminne og har ein utgang for SD-minnekort bak ei luke på framsida. Han speler av Wii- og GameCube-spel, men ikkje DVD-plater.

Handkontrollen endre

Handkontrollen til Wii heiter Wii Remote (Wii-fjernkontrollen), og har fått namnet av di han liknar ein fjernkontroll. Han har sju knappar og ein styrekross. Lengst fram er det ein sensor som registrerer infraraudt ljos, men han kommuniserer med konsollen gjennom Bluetooth. Under skalet finst høgtalar, minne, vibrasjonsmotor og eit akselerometer som registrerer rørsle og kva stilling kontrollen er halden i. Ein utgang på undersida lèt ein kople ekstrautstyr til kontrollen, til dømes Nunchuk eller Classic Controller. Kontrollen er driven av to AA-batteri og gjev då også straum til eventuelt tilkopla ekstrautstyr.

Programvare endre

Wii har eit grafisk grensesnitt, Wii-menyen, som er forma som eit rutenett med grafiske ikon som representerer ulike kanalar. Ein navigerer i grensesnittet ved å peike mot TV-skjermen med Wii-fjernkontrollen. I øvre venstre hjørne ligg disk-kanalen, som startar spelet som ligg i Wii-konsollen. Vidare har ein Wii Shop-kanalen der ein kan kjøpe og laste ned programvare, Mii-kanalen der ein kan lage avatarar, i tillegg til andre kanalar for å vise bilde eller hente inn lokale vêrmeldingar eller nyhende. Med unntak av disk-kanalen kan alle kanalar flyttast rundt på i rutenettet ved å halde nede A- og B-knappane på Wii-fjernkontrollen. Innstillingane til konsollen er tilgjengelege frå nedre venstre hjørne på startskjermen.

I juni 2013 slutta Nintendo å oppdatere fleire kanalar, mellom anna Mii Contest-, Everybody Votes- og Nintendo-kanalen, i tillegg til kanalane som henta inn lokale vêrmeldingar og nyhende.[5]

Kjelder endre

  1. «IR Information : Sales Data - Hardware and Software Sales Units». Nintendo Co., Ltd. Henta 3. juli 2017. 
  2. «IR Information: Sales Data». Nintendo Co., Ltd. Henta 3. juli 2017. 
  3. Nintendo Corporation Arkivert 2006-06-04 ved Wayback Machine. - Nintendo President, Satoru Iwata, media briefing speech at E3 2006
  4. Sinclair, Brendan; Torres, Ricardo (16. september 2005). «TGS 2005: Iwata speaks». GameSpot. Henta 24. september 2006. 
  5. Nintendo shutting down Wii channels and online services - Eurogamer.net

Bakgrunnsstoff endre