Wikipedia-diskusjon:Kjerneartiklar

Siste kommentar: for 12 år sidan av Hogne i emnet Manglande artiklar

Denne lista arbeider eg med å omsetje frå bokmål. Når den er ferdig omsett så meiner eg at den bør erstatte Wikipedia:Artiklar vi bør ha og så kan heller det som står der bli flytta til Wikipedia:Artiklar vi bør ha/Tillegg for nynorskutgåva. Hogne 23:00, 27 april 2008 (CEST)

Kva med å kalla han "Kjerneartiklar" eller noko slikt, som til dømes afrikaans har gjort? Me bør jo fortsatt ha alle artiklane som er lista opp på Wikipedia:Artiklar vi bør ha, medan dette er ei meir grunnleggjande liste brukt for samanlikning. --Ranveig 09:17, 26 mai 2008 (CEST)

Plassering

endre
  • 1) Matematikk bør plasserast under vitskap
  • 2) Einingar bør plasserast under fysikk

--Sigmundg 16:12, 29 april 2008 (CEST)

Ikkje usamd, men dette er ei liste som byggjer på m:List of articles all languages should have. Eg meiner at lista skal vere ein oversett kopi av denne. På meta er det ein stor diskusjon om plasseringar og kva artiklar som skal vere med. Får du det gjennom der så kopierer vi det over hit. -- Hogne 19:59, 29 april 2008 (CEST)
Eg ser ingen grunn til at nynorsk Wipipedia skal kopiera alt frå engelsk Wikipedia. Engelsk WP bør ikkje få diktera kva som skal finnast på andre språk. Engelsk WP har mange artikklar, men ikkje alle er gode. Ofte er teknologiartikar betre på tysk WP. Eg har sett litt på m:Talk:List_of_articles_every_Wikipedia_should_have. Lista er ikkje god! Å plssera fysiske einingar under matematikk gjev ikkje meining.

Dugnad

endre

Luktar det ikkje mai-dugnad av denne her? --Frokor 15:57, 2 mai 2008 (CEST)

Jau, gjerne! Me har vel jobb til heile sommaren?! Hogne 12:12, 3 mai 2008 (CEST)

På oversikta som vart generert den 2. mai på meta kom Nynorsk på 45. plass. Det manglar 272 artiklar her, og artiklane er noko korte. Når me kjem under 250 manglande artiklar, vert det generert ein oversikt over alle artiklane som manglar ved kvar generering. Altså berre 22 artiklar manglar for å få denne oversikta. Eg har som mål å få desse på plass i løpet av mai! Hogne 16:02, 8 mai 2008 (CEST)

Manglande artiklar

endre

Sjå: Wikipedia-diskusjon:Kjerneartiklar/Manglende_artiklar_2008-08-25 Hogne 20. september 2008 kl. 14:47 (CEST)Svar

Oppdatert - sjå: Wikipedia-diskusjon:Kjerneartiklar/Manglende_artiklar_2008-10-31

- Hogne 21. november 2008 kl. 12:58 (CET)Svar

Oppdatert - sjå Wikipedia-diskusjon:Kjerneartiklar/Manglende_artiklar_2009-01-02

- Hogne 17. januar 2009 kl. 21:42 (CET)Svar

Oppdatert - sjå Wikipedia-diskusjon:Kjerneartiklar/Manglende artiklar_2009-03-03 (mangler 155 artiklar og er den 41. beste wikien)

- Hogne 9. mars 2009 kl. 18:09 (CET)Svar
Eg talde i går og kom til om lag 250 raude lenkjer. Om dette stemmer, har me 100 kjerneartiklar som ikkje har dei naudsynte omdirigeringane. --Tannkrem 15. mars 2009 kl. 16:56 (CET)Svar

Oppdatert - sjå Wikipedia-diskusjon:Kjerneartiklar/Manglande artiklar_2009-04-04 (manglar 162 artiklar og er den 42. beste wikien)

-- Hogne 14. april 2009 kl. 15:31 (CEST)Svar

Oppdatert - sjå Wikipedia-diskusjon:Kjerneartiklar/Manglande artiklar_2009-05-02 (manglar 161 artiklar og er den 42. beste wikien)

-- Hogne 27. mai 2009 kl. 12:10 (CEST)Svar

Oppdatert - sjå Wikipedia-diskusjon:Kjerneartiklar/Manglande artiklar_2009-06-02. Nynorsk Wikipedia mangla 144 kjerneartiklar per 2. juni 2009. Nynorsk wikipedia var den 43 beste wikien og var forbigått av latin sidan mai 2009.

-- Hogne 11. juni 2009 kl. 15:11 (CEST)Svar

Oppdatert - sjå Wikipedia-diskusjon:Kjerneartiklar/Manglande_artiklar_2009-08-01. Nynorsk Wikipedia mangla 134 kjerneartiklar per 1. august 2009. Nynorsk wikipedia var framleis den 43. beste wikien.

-- Hogne 14. august 2009 kl. 13:06 (CEST)Svar

Oppdatert - sjå Wikipedia-diskusjon:Kjerneartiklar/Manglande_artiklar_2009-09-02. Nynorsk Wikipedia mangla 130 kjerneartiklar per 1. september 2009. Nynorsk wikipedia hadde falle ned til å vere den 44. beste wikien.

-- Hogne 14. august 2009 kl. 13:06 (CEST)Svar
Me har mindre enn 100 raude lenkjer i lista vår, så vidt eg kan sjå. Driv dei og oppdaterer den engelske lista fortløpande, eller er det ein feil ein eller annan stad? --Tannkrem 10. oktober 2009 kl. 16:10 (CEST)Svar
Ja, dei oppdaterar lista på Meta heile tida. Ibsen er t.d. ikkje lenger på lista. Han vart bytt ut med eit eller anna.--Jorunn 10. oktober 2009 kl. 19:05 (CEST)Svar
Hafiz og Kalidasa, trur eg. Temmeleg viktige i sine kulturar, dei. --Ranveig 10. oktober 2009 kl. 21:47 (CEST)Svar
Då har jo ikkje lista vår så mykje for seg, anna enn som døme på viktige artiklar me kan skriva... --Tannkrem 10. oktober 2009 kl. 19:13 (CEST)Svar
Det er nærast umogleg å finna verdas tusen viktigaste emne å skriva om. Men både denne og tidlegare versjonar viser til emne me bør prøva å dekka. --Ranveig 10. oktober 2009 kl. 21:47 (CEST)Svar
Ja det er ingen av artiklane som var på lista før som me ikkje helst burde ha, også.
Lista slik ho var frå starten var svært «vestleg», frå ein relativt tidleg fase av en.wikipedia som ho kom. No har ho eit litt mindre snevert utsyn. --Jorunn 11. oktober 2009 kl. 00:11 (CEST)Svar

Oppdatert - sjå Wikipedia-diskusjon:Kjerneartiklar/Manglande_artiklar_2009-10-02 Nynorsk Wikipedia mangla 94 kjerneartiklar per 2. januar 2010. Nynorsk wikipedia held plassen som den 44. beste wikien.

-- Hogne 15. januar 2010 kl. 15:23 (CET)Svar

Oppdatert - sjå Wikipedia-diskusjon:Kjerneartiklar/Manglande_artiklar_2010-11-07 Nynorsk Wikipedia mangla 27 kjerneartiklar per 7. november 2010. Nynorsk wikipedia har falle to plassar og er no den 46. beste wikien. Det er ein del interwiki som ikkje er samkjørte, slik at det ikkje er fanga opp at vi har artikkel for Elefant og Evolusjon

-- Hogne 12. november 2010 kl. 10:58 (CET)Svar


Per 2. mars 2011 [1] er det desse artiklane me ikkje har på nnwiki:

  1. en:The Tale of Genji
  2. en:Respiration (physiology)
  3. en:Strong interaction
  4. en:Weak interaction
  5. en:Mathematical analysis
  6. en:Numerical analysis
  7. en:Number theory

Me har også falle til plass 47 på lista og er forbigått av Bosnisk. Hogne 2. mars 2011 kl. 12:28 (CET)Svar


Per 3. november 2012 [2] er det desse artiklane me ikkje har på nnwiki:

  1. en:Probability -> no:Sannsynlighet
  2. en:Immune system -> no:Immunforsvar
  3. en:Strong interaction -> no:Fargekraft
  4. en:Weak interaction -> no:Svak kjernekraft

Me ligg no på 54. plass etter denne rangeringa (av 285) og er mellom anna forbigått av simple english, hviterussisk, tailandsk og khasakhisk. -- Hogne (diskusjon) 22. november 2012 kl. 08:40 (CET)Svar

By er det en:City eller en:Town

endre

Både City og Town er inne på den internasjonale lista. Me har by og i dag lenkjer både City og Town dit, men det vil nok robotane gjerne ryddde opp i. Slik byomgrepet er i Noreg no så synest eg me skal gå mot Town, så kan me kanskje opprette Storby eller Metropol mot City? Kva med Landsby og tettstad? Hogne 27. mai 2009 kl. 15:09 (CEST)Svar

Einig, «City» er som regel ein storby. Me har også bygd, som er den norske forma for landsby. Interwikiane ser ut til å gå til det me kaller «landet» eller «landsbygda». --Ranveig 27. mai 2009 kl. 15:35 (CEST)Svar
Er det ikkje metropol som er ein storby, då? Anders 27. mai 2009 kl. 15:50 (CEST)Svar
Ikkje bruk no:metropol som førebilete, han kjem med definisjonar utan kjelder. Vi bør ha dessutan ha ein artikkel om landsbyar, sjølv om det ikkje finst slike i Noreg, det eg veit. Bygda har alt fått sin artikkel. --Knut 27. mai 2009 kl. 16:36 (CEST)Svar
Ellers er det verdt å merke seg dette avsnittet i den engelske artikkelen om en:City. Eg røyster for å ha ein eigen artikkel om storby basert på engelsk en:City Hogne 27. mai 2009 kl. 16:49 (CEST)Svar
Knut:Det er då betre enn å gjere Fredrikstad og Ålesund til storbyar. Som Hogne hadde sett om han las nokre avsnitt lengre nede, er town/city er eit skilje som ikkje finnest på norsk. Noko anna vil de ikkje finne kjelder for heller. Anders 27. mai 2009 kl. 21:48 (CEST)Svar
??? Har eg meint noko som gjer Ålesund til ein storby??? Poenget mitt var at bokmålswiki anten finn på ein norsk definisjon av omgrepet "Metropol", eller så har dei funne ein definisjon, men vil ikkje seie kor. Rydjing i iw-lenkjer bør vi sjølvsagt gjere. --Knut 27. mai 2009 kl. 22:27 (CEST)Svar
Town er teken ut av lista, no er det berre city som står der. Dei har gjort ein del endringar der i det siste, til det betre tykkjer eg. --Jorunn 27. mai 2009 kl. 22:55 (CEST)Svar
(endringskonflikt)Sjølv sa eg aldri at no:metropol er ein utmerka artikkel, berre at eg stør det same synet. Konsekvensen av å kalle city som storbyar vert at ei då også kallar Ålesund storby . Sjølvsagd skal vi rydde renkjer, men vi skal rydde på rett måte.nn er einaste skandinaviske wikien som lenkjer en:town til by. Småby hadde vel vore meir rett... Anders 27. mai 2009 kl. 22:56 (CEST)Svar
Berre nn: har peikar frå en:town til by, men både da:by og nb:by peiker derimot til town. Kva ein kaller dei ulike buområda har samanheng med samfunnet rundt. I USA har ein omgrepet small town, småbyar som ofte kunne vore landsbyar i Europa. I India har ein landsbyar som er større enn nokre norske byar. Det me kan vera einige om, er at alle omgrepa bør drøftast i artiklane, og at det må kjelder til. --Ranveig 28. mai 2009 kl. 11:24 (CEST)Svar
Tilbake til prosjektsiden «Kjerneartiklar».