Wikipedia-diskusjon:Skanwiki

Trur de det er interesse for å laga ein eigen skandinavisk skanwiki-portal på www.skanwiki.org? Eg kan gjerne ta på meg å setja opp ein wiki på den adressa dersom folk trur det kan ha noko for seg. Ei slik side kan verta ein naturleg samlingsstad for skandinaviske wikipedianarar. Ein kan nytta ein slik stad som diskusjonsforum, for å laga standardiseringar, diskutere samarbeidsløysingar, samle kjelder som kan vera nyttige for alle skandinavar, samanlikne gode artiklar osb. Det spørs vel om det er heilt realistisk, eg har ikkje høyrt så mykje frå sv: og da: enno :), men kanskje dei kjem viss me sette dette opp? Det kjem til å kosta ca. USD13/år for domenenamnet (som ennå finst - hysj ikkje sei det til nokon), men eg kan ta på meg det i første omgang, så får heller nokon kjøpa meg ei øl ein gong i framtida. Bjarte 27. mar 2005 kl. 0052 (UTC)

Ja og kostnadar for server treng me ikkje bry oss om, eg kan bruka ein liten del av min eigen serverplass (ein god, rask og sikker server som ligg i India! :) Bjarte 27. mar 2005 kl. 0056 (UTC)
Er det noe à la meta du tenker på? Vi kan sikkert få satt opp en wiki til dette formålet på Wikimedias tjenere, f.eks. skanwiki.wikimedia.org. Wolfram 27. mar 2005 kl. 0102 (UTC)
Ja, nettopp noe à la en skandinavisk meta. Ja det var kanskje ikke noen dårlig idé det, da er vi jo liksom offisielle og greier. Men viss noen synest det kan være en fordel å være uavhengige, har jeg uansett ingenting mot de små utgiftene viss vi likevel vil ha www.skanwiki.org. Jeg skal det opp med folk på #wikimedia og høre hva de synest Bjarte 27. mar 2005 kl. 0228 (UTC)

Om utvalgte artiklar på dei andre skandinaviske wikipediaene endre

Eg har skrive på "samfunnshusa" på :sv (sjå her)og :da (sjå [[:da:Wikipedia:Landsbybr%F8nden#Fremmelse_av_skandinavisk_wikipediasamarbeid_p.E5_Nynorsk_Wikipedia|her]]) og forklart kva me har gjort på :nn og :no. Så langt har me fått eit positivt svar på :da frå Nico, som liker det han ser og ønskjer å tenkja litt på det. Han foreslo også at ein kunne til dømes rullere ein av dei tre andre artiklane, sikkert fordi han tykkjer det blir litt mykje med fire artiklar. Det var jo ein ganske god idé. Bjarte 27. mar 2005 kl. 0421 (UTC)

Referat frå diskusjon om skandinavisk meta på #wikimedia endre

Eg spurde om kva folk tykte om ein skandinavisk meta på #wikimedia. Som de kan tenkja dykk, spurde då fleire "Kvifor ikkje gjera dette på meta? Meta er jo fleirspråkleg". Det er nok eit godt spørsmål, og for min del svara eg at eg føler det vert noko uoversiktleg å gjera det på den. Elian var samd i at mange var "redde" for meta fordi det var så kaotisk.

Elian synte meg då korleis ein kan nytta recentchangeslinked, sjå til dømes her, som gjer at berre dei artiklane som høyrer til ein viss kategori kjem opp på "Siste endringar"-sida. Ho sa at han ikkje vert nytta så mykje.

Eg foreslo då at kanskje kunne ein leggja lenkjer til eit utval av ulike recentchangeslinked på meta sin hovudmeny på venstre sida. Til dømes kan ein ha Recent changes (German), Recent changes (Scandinavian), Recent changes (MediaWiki) osb. Ho tykte det var ein veldig god idé. Kanskje dette er løysinga?

Då kan me til dømes laga meta.wikimedia.org/wiki/Skanwiki som ei framside, og nytta Recent changes (Scandinavian) for å sjå dei siste endringane innanfor artiklar som har til dømes kategorien Category:Skanwiki.

Bjarte 27. mar 2005 kl. 0428 (UTC)

Bra initiativ det här. Jag tycker absolut det verkar rimligast om vi sköter det här på Metawiki än på en separat sida. Vad gäller konkreta planer på samarbete tycker jag det verkar bra om vi börjar med att välja ut en artikel per vecka från var och en av de skandinaviska wikipedierna och översätta den till övriga språk. Det blir ju ungefär en artikel i månaden från varje upplaga och troligen rätt överkomligt att översätta. Det är gansks mycket för att svenska wikipedias process att rösta för nya Utvalda artiklar går mycket långsamt. Innan knölval satt motorväg uppe som UA i nästan en månad innan den byttes ut och aktiviteten på vår nomineringssida är verkligen inte på högsta nivå. Peter Isotalo 31. mar 2005 kl. 1930 (UTC)

SkanWiki no på meta.wikipedia.org endre

SkanWiki er no oppe og køyrer på meta:SkanWiki!

Ta turen innom og sjå koss det vart. Her kan me gjera mykje ennå.

Skanwiki endre

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Guttorm 8. september 2005 kl. 11:40 (UTC) Nokre av dykk har allereie høyrt om Skanwiki, dei skandinaviske metasidene. Nå ligg dei offisielt klare til bruk på meta:Skanwiki. Meininga er at metasidene blant anna skal kunne brukast til å:

  • samla ressursar og lenker som er av felles interesse for alle
  • diskutera samarbeidsløysninger
  • koordinera og oversetje artikler
  • definera fellesskandinaviske wikiprosjekt (Skanwikiprojekt)
  • skapa eit skandinavisk wikipedia-nettverk
  • fremja ein felles innsats mot eit felles mål, ei samling av all menneskelig kunnskap skrevet på de skandinaviske språk.
  • utvikla standarder

og kva enn elles det måtte være folk har lyst å gjera.

Allereie har medlemmer fra både :sv, :da og :no involvert seg. Kom innom og ta ein titt og sjå kva du kan gjera for fellesskapet!

Bjarte 2. apr 2005 kl. 1722 (UTC)

Dansk Wikipedia starter idag en kampagne for færøernes wikipedia med et månedens tema omkring Færøernes geografi. Andre skandinaviske Wikipediaer opfordres til at være med i skanwikiprojektet Færøerne. Mvh MaleneDk 1. jun 2005 kl. 2102 (UTC)

Skandinaviske ressursar på Skanwiki endre

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Guttorm 8. september 2005 kl. 13:29 (UTC)
meta:Skanwiki/Skandinaviske_ressurser kan du nå finna lenkjer til mange ordbøker på alle dei skandinaviske språka. Viss du har nokre lenkjer til ressursar som kan vera nyttige for andre skandinaviske wikipedianarar, så tilføy gjerne desse! BjarteSorensen 14 april 2005 kl.04.51 (CEST)

Fellesskandinavisk mailingliste endre

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Guttorm 9. september 2005 kl. 10:57 (UTC)
Vi har nå fått en fellesskandinavisk mailingliste. Du kan abonnere på denne ved å skrive deg opp på http://mail.wikipedia.org/mailman/listinfo/wikiskan-l.

Mange tema som angår ett av prosjektene angår ofte også de andre. Innspill fra andre miljø kan være veldig stimulerende og nytenkende. Derfor håper jeg at listen kan fungere både på et skandinavisk plan og på de ulike lokale plan. Derfor oppfordrer jeg alle som er medlemmer av Wikisv-l, Wikida-l, Wikino-l og Wikinn-l til å melde seg på wikiskan-l, og jeg oppfordrer også til at vi på sikt fortrinnsvis benytter oss av Wikiskan-l heller enn de andre listene.

Jeg ønsker også å invitere én person fra hvert wikipediamiljø til å melde seg som administratore av denne listen. Jeg vil også minne om Skanwiki, de skandinaviske metasidene på meta.wikimedia.org.

Hjertelig hilsen Bjarte Sørensen. 02:43, 8 Jun 2005 (UTC)

Interwikilenkjer i høve til skanwiki på andre wikiar endre

Per i dag inneber skanwiki at hovudsidene på nn: og no: viser dei utvalde artiklane frå kvarandre pluss da: og sv:, hovudsida på da: vekslar mellom å visa nn:, no:, sv:, og ein gong i blant andre, medan sv: ikkje viser utvalde artiklar frå andre språk. Og så er det slik på nn: at lenkjene til no;, sv: og da: alltid står øvst blant interwikilenkjene både i artiklar og på andre sider. Har det vore nokon diskusjon om interwikilenkjer i høve til skanwiki på dei andre wikiane? --Eddi (Snakk) 28. februar 2006 kl. 16:14 (UTC)

Tilbake til prosjektsiden «Skanwiki».