Opna hovudmenyen

Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 12, 2014

Forslag frå Moglege Framsideartiklar: Bernhard Herre.

~ Hogne (diskusjon) 7. mars 2014 kl. 15:37 (CET)
Bernhard Herre

Bernhard Herre (1812-1849) var ein norsk forfattar kjend for boka En Jægers Erindringer. Den vesle samlinga inneheld fem korte prosaperler med melankolske naturstemningar frå Herre sine mange og lange jaktturar i Nordmarka og på Krokskogen.

Etter at Herre var død innsåg Johan Sebastian Welhaven og Peter Christen Asbjørnsen at dei skissene som låg igjen etter han hadde såpass litterære kvalitetar at dei var verd ei utgjeving. Dei normaliserte nokre dialektuttrykk dei meinte ikkje passa i ei litterær tekst og gav i 1850 ut En Jægers Erindringer. Dei poetiske natursansingane til Herre har fascinert fleire generasjonar, og boka har kome ut i fleire opplag. I 1860-åra blei ho utgjeve på svensk i samlinga Skizzer från Norge. Les meir ...

Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 12, 2014».