Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 15, 2015

Det er ingen diskusjoner på denne siden.
Dire Straits i 1985

«Money for Nothing» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits frå albumet deira Brothers in Arms frå 1985. Teksten er skriven frå synspunktet til ein arbeidarklassemann som ser på musikkvideoar og kommenterer det han ser. Innspelinga var kjend for den kontroversielle teksten, den banebrytande musikkvideoen og gjesteframferda til Sting som syng falsettstemma i introen og på refrenga, «I want my MTV». Videoen var òg den første som vart sendt på MTV Europe då nettverket starta opp den 1. august 1987.

Han var ein av dei mest suksessrike singlane til Dire Straits, og låg på toppen av singellista i USA i tre veker. I heimlandet til Dire Straits, Storbritannia, nådde singelen fjerdeplassen. «Money for Nothing» vann ein Grammy for beste rockesong av duo eller gruppe i 1986. Les meir …

Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 15, 2015».