Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 16, 2016

Er Ragnar Hovland-artikkelen eigentleg god nok til å vera framsideartikkel? Han er merka som ei spire. --Ranveig (diskusjon) 13. april 2016 kl. 13:30 (CEST)Svar

Samd. Utan at eg har noko i mot Ragnar Hovland så finst det vel nok av lengre artiklar med meir innhald å velje mellom. Med mindre nokon tek på seg å utvide Hovland-artikkelen monaleg til over helga, sjølvsagt. --Lurveleven (diskusjon) 13. april 2016 kl. 20:11 (CEST)Svar

Eg har bytta ut med ein annan litterær artikkel, Georg Trakl (morosamt samantreff). Hovland kan kanskje få ein betre artikkel og framsida i gåve til bursdagen sin neste år, då feirer han rundt tal. --Ranveig (diskusjon) 14. april 2016 kl. 08:11 (CEST)Svar
Godt val! 15. april 2017 er påskeaften. Eg set difor inn Ragnar Hovland opp veka før påske. Hogne (diskusjon) 15. april 2016 kl. 15:04 (CEST)Svar
Neimen så kjekt! Så får vi vonleg utvida artikkelen om Ragnar Hovland noko innan han fyller år att til neste år.--Lurveleven (diskusjon) 15. april 2016 kl. 16:33 (CEST)Svar
Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 16, 2016».