Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 24, 2015

Inuit fangar sel ved pustehol. Bilete frå kring 1890.

Selfangst er fangst på sel, hovudsakleg på grunn av pelsen og spekket. Særleg ettertrakta har pelsen av nyfødde selungar vore. Kommersiell fangst av viltlevande sel, vert i vår tid utøvd av Noreg, Canada og Russland i dei nordatlantiske farvatna. Dei viktigaste artane, økonomisk sett, er grønlandssel, klappmyss og storkobbe.

Den norske fangsten går føre seg i to område, omtalt som Østisen og Vesterisen. Østisen er områda utanfor Kvitsjøen i den økonomiske sonen til Russland. Vesterisen er havområda ved Grønland. Dei norske fangstkvotene for sel vert fastsett etter tilråding frå Det internasjonale havforskingsrådet, Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjon og Havforskingsinstituttet. Noreg sine kvoter i 2007 var på til saman 46 200 vaksne dyr, av dette 15 000 i Østisen og 31 200 i Vesterisen. Russland har forvaltningsansvar for bestanden i Østisen, medan bestandane i Vesterisen er spreidd over fleire fiskerijursidiksjonar.

Forlisa i Vestisen skjedde i 1952 då fem norske selfangstskuter frå Troms og Sunnmøre med til saman 78 mann ombord forsvann under ein kraftig storm i Vestisen ved Grønland. Les meir …

Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 24, 2015».