Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 31, 2017

Forslag 1: Akershus festning endre

Del fire av den norske sommaren? Hogne (diskusjon) 14. juli 2017 kl. 08:53 (CEST)Svar

Akershus festning er ei festning og eit slott i Oslo, offisielt kalla Akershus slott og festning. Festninga ligg strategisk til på Akersneset i Oslo.

Borga har overlevd fleire omlægringar, og har aldri vorte teken med makt av ein fiendtleg, utanlandsk hær. Festninga var under tysk kommando 1940-1945, men vart aldri teken, kommandoen vart overgjeven både i 1940 og i 1945.

Festninga har namn etter Aker (frå norrønt Akr, åker, og hús, borg, kastell), og har gjeve namn til lenet, amtet og fylket Akershus.

Området er framleis militært, og det daglege vakthaldet blir ivareteke av Hans Majestet Kongens Garde. Forsvarsmuseet, Heimefrontmuseet og Forsvarsstaben har lokale på Akershus Festning.

Festninga er regjeringas representasjonstad kor ein markerer store jubilé og held offisielle middagar ved statsvitjingar og andre viktige hendingar. I tillegg er anlegget gravminne for kongefamilien, dronning Maud, Håkon VII, Olav V og Märtha er gravlagde i Det kongelege mausoleet.

Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 31, 2017».