Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 52, 2014

Forslag til juleartikkel Julebukk

Utkledde ungar på julefrimerke frå Ukraina. Å kle seg ut og synga julesongar for å få god mat som løn er den vanlegaste tydinga av «julebukk» i dag.

Julebukk eller julegeit er eit fleirtydig omgrep med røter i førkristen juletradisjon og bondekultur. Julebukk var dels namnet på geitebukken som blei slakta til jul, dels namnet på ein bukkefigur som dukka opp då, anten som ein oppsett figur eller som ein utkledd person. Julebukk viser au til «å gå julebukk», altså å kle seg ut og gjennom opptreden be om mat og drikke i romjula. Det finst liknande skikkar i heile Europa. Det er blitt vanleg å ha små og store halmbukkar, gjerne pynta med raude band, som julepynt. Dei minste bukkane kan henga på juletreet, medan dei største, som den tretten meter høge Gävlebocken, blir sett opp som utandørs juledekorasjonar. Les meir …

Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 52, 2014».