Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 13, 2012

Forslag 1:

Heavy Metal symbol

Heavy metal er ein sjanger innan rocken som utvikla seg seint på 1960- og 1970-talet, stort sett i England og USA. Med røter i bluesrock og psykedelisk rock utvikla dei første heavy metal-banda ein tjukk, og massiv lyd med forsterka og forvrengd gitar, lange gitarsoloar og kraftig rytme. Heavy metal vert ofte rekna som den mest ekstreme i form av lydstyrke, manndom og teatralske opptrede.

Tidlege heavy metal-band som Led Zeppelin, Black Sabbath og Deep Purple trekte til seg store publikum, men fekk ofte dårleg kritikk, noko som ofte har gått igjen i sjangeren opp gjennom åra. På midten av 1970-talet fjerna Judas Priest seg bort frå blues-innverknaden i musikken og var med på å ta sjangeren vidare. Motörhead innførte ei punkrock-kjensle med raskare tempo i musikken. Mot slutten av tiåret hadde heavy metal-sjangeren vorte populær verda over med tilhengarar som vart kalla «metalheads» eller «headbangarar».

I 1980-åra vart glam metal populært med band som Mötley Crüe. Undergrunnsmiljøa produserte derimot ein meir ekstrem og aggressiv stil kalla thrash metal som vart populær med band som Metallica, medan andre sjangrar som death metal og black metal hovudsakleg har vorte verande eit undergrunnsfenomen. Sidan midten av 1990-åra har populære stilar som nu metal, som ofte nyttar element av funk og hip hop; og metalcore, som blandar ekstrem metal med hardcore punk, vidareutvikla sjangeren. Les meir …


- Hogne (talk) 1. mars 2012 kl. 15:32 (CET)Svar
Ja. Men utdraget er kanskje litt vel langt til å passa på framsider. Kva kan me best ta ut? --Ranveig (diskusjon) 17. mars 2012 kl. 09:39 (CET)Svar
Eg fjerna det nyaste... Hogne (diskusjon) 19. mars 2012 kl. 16:56 (CET)Svar
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 13, 2012».