Opna hovudmenyen
Døgnrytmesjukdomar kan føre til søvn i arbeidstida.

Døgnrytmesjukdommar er ei gruppe lidingar som påverkar døgnrytmen, og er oftast sett på som ein type søvnforstyrring. Sjølv om søvnproblem kan vere dei mest merkbare av problemkomplekset, er det no klart at døgnrytmen omfattar mange fleire fysiologiske og åtferdsmessige faktorar enn som så, mellom anna syklusane til kroppstemperatur, appetitt og visse hormon. Menneske med døgnrytmesjukdommar kan ikkje sovne og vakne på tidspunkt som samfunnet krev for skule, arbeid og sosiale gjeremål. Med mindre dei har ei anna søvnsjukdom i tillegg, har dei søvn av normal kvalitet.

Det finst seks typar døgnrytmeforstyrringar, der to, jetlag og skiftarbeid-forstyrring, er påført utanfrå og ikkje livslange. Dei fire andre er kroniske, registrerte av ICD som Sjukdommar i nervesystemet'. Årsakene til søvnfaseforskyvingane er ikkje heilt klarlagde. Syndroma går i ein viss grad igjen i slekta og ser ut til å vere genetisk betinga (hPer2- og hPer3-genane). Noreg er eitt av dei landa som bidreg mest til forsking på området, mellom anna ved Universitetet i Bergen. Les meir …

Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 18, 2013».