Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 33, 2007

Forslag 1 Reinrose endre

Andreasv har skrive ein fin artikkel om Reinrosa som sprer sine frukter i fjellet i desse dagar. Hogne 14:43, 30 juli 2007 (CEST)

Einig i at reinrose er god, men han blir sikkert ikkje dårlegare av å venta ei veke. Det er 300 år sidan Petter Dass døydde; det burde vera noko å markera! --Ranveig 00:47, 1 august 2007 (CEST)

OK, då set eg opp reinrose som forslag for veke 34. Dette blir truleg veka då me passerer 25 000 artiklar og me får kanskje ein del ekstra merksemd? Kanskje artiklane desse vekene bør vere ekstra gode? Hogne 11:58, 1 august 2007 (CEST)



Innhaldet nedanfor flytta frå Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 37, 2007 --Erlend 13:15, 1 august 2007 (CEST)


17. august er det 300 år sidan Petter Dass døydde. Det nye Petter Dass-museet vert ikkje ferdig til då, men vi kan greie å få fram ein høveleg god vekeartikkel til den dagen. - Knut 21:06, 31 juli 2007 (CEST)

Høyrest bra ut. Er det slik at den offisielle datoen er 17. august? Spør berre pga. at nokre andre wikipediaer (t.d. nb:, en:) seier 18. september, mens de: seier august (utan dato). Du har sikkert rett. --Erlend 21:17, 31 juli 2007 (CEST)
No ser eg faktisk at det står dato på nn:, sjølv om det ikkje stod i parentesen etter namnet. 17. august er nemnt under "Petter Dass sitt liv". --Erlend 21:22, 31 juli 2007 (CEST)
Strengt tatt veit vi ikkje når Petter Dass døydde. I kyrkjeboka er det berre notert dato for gravferda 18. september. Men i følge Kåre Hansens biografi oppgav kapellan i Nesna, Johan Hanssøn Klæbo, dødsdatoen til 17. august i eit brev han skreiv i 1716. Dette skal vere den einaste kjente kjelda for dødsdatoen. Boka til Hansen er omdiskutert når dei gjeld tolkingar, men ingen har betre enn han leita fram kjelder som gjeld Petter Dass. - Knut 22:43, 31 juli 2007 (CEST)

Slutt flytta innhald


Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 33, 2007».