Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 36, 2013

Forslag 1 endre

Gibraltarsundet? Interessant artikkel, og Gibraltar er jo litt i vinden for tida. --Ranveig (diskusjon) 18. august 2013 kl. 23:40 (CEST)Svar

God idé, fin artikketl! Hogne (diskusjon) 22. august 2013 kl. 10:52 (CEST)Svar

Gibraltarsundet er eit sund mellom Atlanterhavet og Middelhavet som skil Spania frå Marokko. På det smalaste er det berre 14,24 km (7,7 nautiske mil) mellom Europa og Afrika.

For rundt 5,9 millionar år sidan, lukka opningen mellom Middelhavet og Atlanterhavet. I løpet av berre nokre få tusen år fordampa det meste av vatnet i Middelhavet. For om lag 5,33 millionar år sidan, vart opningen mellom Middelhavet og Atlanterhavet opna igjen. Ein meiner at sundet igjen vil lukke seg sidan den afrikanske plata pressar på nordover og at dette vil skje i geologisk sett nær framtid. Les meir …


Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 36, 2013».